Hopp til innhold

Stornøgd og nostalgisk Torsheim

- Det har vore veldig gode dagar, strålar 70-års jubilanten Oddvar Torsheim etter to dagar med fest og feiring.

Det heile byrja fredag med opning av Nynorsken Skog og utnemning til Førde sin første æresborgar - og hans eige kjede kring halsen.

- Eg spøkte med at eg ville liggje med medaljen. Det var ikkje langt i frå, ler Oddvar Torsheim .

Torsheim-helg av første klasse

Laurdag stod festen i Naustdal og Naustdalsprisen for tur.

- Dette har vore ei Torsheim-helg av første klasse og eg har fått feiringar for resten av livet. No treng eg ikkje feire noko meir. Men eg står oppreist. I dag er det fred og ro, smiler multikunstnaren Torsheim.

- Ei stor helg

Markeringa i Naustdal vart toppa med stor bursdagsfest i Fosshalla.

- Eg tykkjer festane har vore veldig godt arrangerte. Eit flott samansett program. Folk har kosa seg, ikkje minst meg. Dette har vore stort for meg. Heile helga har vore ei samanhengande oppleving, seier han.

- Er flink til å stable

Søndag er det utstillinga "Syner i 70 år" og "I fri Oddvar Torsheims ånd" på Naustdal barne- og ungdomsskule som opptek han. Det siste er det ungane ved skulen som står for.

- No skal eg berre nyte og sjå bileta som er her. Det er jo litt nostalgisk. Her er bilete frå 50-åra. Mange som ikkje har vore vist før. Eg arkiverer ikkje, men eg er flink til å stable. Og eg får skryt for at eg er flink til å grave dei fram att også, ler han.

Bestakk kokk

Mange av bileta er det lenge sidan han har sett. Dei vekkjer til live mange gode minner.

- Eg var jo i marinen. Der tjente eg pengar på kunsten min. Eg måla og reiste rundt og selde kopiar for 20 kroner stykke. Eg bestakk kokken til å stille tidleg om morgonen så eg kunne måle han, held Torsheim fram i kjend stil.