Den kjende multikunstnaren er begynt å dra på åra, og fyller 74 år i november. I snart 25 år har han blitt lova eit permanent utstillingslokale i Førde, men ingenting skjer. No byrjar det å haste og Torsheim seier han no vurderer å ta med seg kunsten sin ein annan stad.
Og det skal ikkje stå på alternativa, både nabokommunane Naustdal og Flora, i tillegg til Bergen står med opne armar og tek han gjerne i mot.
– Har han lyst hit er han velkommen, er den klare beskjeden frå dei tre kommunane.
- LES OGSÅ:
– Ikkje den minste tvil
VELKOMMEN: Bengt Solheim-Olsen seier Oddvar Torsheim heilt klart fortener eit eige galleri.
Foto: Vidar Gudvangen / NRKI kystbyen Florø meiner ordførar Bengt Solheim-Olsen at Oddvar Torsheim burde fått ei avklaring i forhold til eit eige galleri for lengst.
Sidan femtiårsdagen sin har kunstnaren høyrt snakk om at kunsten hans skal få eit lager i Førde, men dette har han slett ikkje lyst på.
– Dei snakkar stadig om eit lager, men det er ikkje det eg vil ha. Bilete skal sjåast, ikkje arkiverast, sa Torsheim til Firda tidlegare i veka.
Den argumentasjonen har Solheim-Olsen full forståing for.
– Det er ikkje den minste tvil om at viss vi skulle ein førespurnad frå kunstnaren sjølv, så ville vi gjere mykje for å leggje forholda til rette for eit Torsheim-museum i vår kommune, seier Flora-ordføraren.
- LES OGSÅ:
– Det er tragisk
Også i nabokommunen Naustdal vil dei gjerne tilby Torsheim utstillingslokale for kunsten sin. Torsheim er opphavleg frå Naustdal, men bur i Førde.
Kommunestyrerepresentant for SV, Ole Erik Thingnes meiner det er trist at kunstnaren enno ikkje har fått sitt eige faste galleri.
– Det er tragisk. Eg må sjølv ta sjølvkritikk for at eg ikkje før har oppfatta at vi burde få laga til eit slikt galleri for Oddvar Torsheim i Naustdal, seier Thingnes.
Han meiner Naustdal kommune no må gripe sjansen og lage til eit galleri for dei karakteristiske verka.
– Vi er ein kunst og kulturkommune, iallfall likar vi å kalle oss det, så dette bør vi få til, seier SV-politikaren.
Han trur ikkje det skal bli noko problem å få dei andre politikarane i kommunen med på tanken.
Bergen også eit alternativ
POSITIV: Gunnar Bakke i Bergen ønskjer Torsheim velkommen til byen.
Foto: NyhetsspillerTorsheim sjølv har lansert tanken om å ta med seg kunsten sin til Bergen. Til Bergensavisen seier han at han helst ser at galleriet kjem på beina før han er under torva.
– Dersom det ikkje blir mogleg å få til ei galleriløysing i Førde, er sjølvsagt Bergen interessant. Eg er jo barnefødt der, seier han til avisa.
Kulturbyråden i Bergen, Gunnar Bakke, er begeistra over Torsheim sitt frieri og seier inviterer han til byen.
- LES OGSÅ:
Førde tilbyr mini-galleri
Etter at Torsheim stod fram i avisa og etterlyste eit permanent utstillingslokale ser det ut til at Førde kommune, som jo har lova han dette, er på veg til å snu. Same dag tok nemleg Førde-ordførar Olve Grotle til orde for eit mini-galleri.
– Vi prøver å få til ei ordning med det nye kunstmuseet der Oddvar Torsheim og kanskje fleire av dei fremste kunstnarane i Sogn og Fjordane gjerne kan få sin eigen plass, sa Førde-ordføraren til NRK.no tidlegare denne veka.
- LES OGSÅ:
Trur Torsheim-galleri blir populært
Det er no altså fire kommunar som gjerne vil ha eit Torsheim-galleri i kommunen sin. I Flora trur ordføraren at eit slik galleri vil bli populært.
– Han folkelege måte å formidle kunst på trur eg har gode moglegheiter til å trekkje til seg store mengder folk. Eg ser for meg eit galleri i sentrum, og trur kunsten også er aktuell som salsvare, seier Solheim-Olsen.