Hopp til innhold

Maratonforedrag og USA-turné: Sjå glimt frå Frank Aarebrots liv

Den anerkjente professoren heldt fleire hundre minutt lange forelesningar på direkte-TV og reiste rundt i USA med TV-team på slep. Sjå alt igjen her.

Frank Aarebrot ble 70 år gammel.

TIL MINNE: Frank Aarebrot, den anerkjente og folkekjære professoren og valforskaren, gjekk bort 9. september 2017.

Etter at Frank Aarebrots bortgang vart kjent, har det strøyma på med kondolansar og gode ord frå politikarar, journalistar og kollegaer over heile landet.

Både statsminister Erna Solberg og Jens Stoltenberg har sendt sine kondolansar på Twitter.

Dei siste åra har Frank Aarebrot vore med på fleire sprø og omfattande stunt saman med NRK. Maratonforedrag, 70-årsfeiring og bilturar i USA har vore ingrediensar i program som har slått godt an hjå tv-sjåarane.

Frank Aarebrot foredrag om Norgeshistorien 1814-2014
Foto: Heine Aarbø

1. 200 år på 200 minutt

Sendinga som for alvor sende Aarebrot heim i stova til alle nordmenn. Frå godstolen på Det Akademiske Kvarter i Bergen, snakka professoren engasjert om nokre av dei aller viktigaste åra i norsk historie.

Programmet frå vinteren 2014 vart svært godt motteke og her kan du oppleve det heile på nytt:

Direktesending fra Kvarteret i Bergen. Den aldri hvilende professor, kommentator, demokratiforsker og statsviter Frank Aarebrot stunter Norges historie de siste to hundre år direkte - på 200 minutter.

SJÅ FOREDRAGET: 200 år på 200 minutt med Frank Aarebrot.

2. Andre verdskrig på 200 minutt

I 2015 var det 2.verdskrig som vart gjenstand for ein lengre utgreiing av Aarebrot. Gjennom 200 minutt trakk han linjer til både før og etter perioden mellom 1940 og 1945, med krigen i Noreg som ein raud tråd.

Studentersamfunnet i Bergen og NRK inviterer igjen til forrykende forelesning fra Kvarteret i Bergen. Den aldri hvilende og alltid frittalende professor, kommentator, demokratiforsker og statsviter Frank Aarebrot byr på en ny historiekveld. Denne gangen er temaet krig. Dette skjer på 75-årsdagen for krigsutbruddet i Norge.

SJÅ FOREDRAGET: Frank Aarebrot om andre verdskrig på 200 minutt.

3. 227 år med presidentar på 227 minutt

I anledning presidentvalet i USA i 2016, drog Aarebrot dei lange linjene i amerikansk historie med eit maratonforedrag på 227 minutt.

Gjennom foredraget fortalde han om alle dei amerikanske presidentane og kvifor amerikanarane stemte som dei gjorde gjennom alle åra.

Nok eit høgdepunkt frå den folkekjære professoren kan du sjå att i sin heilskap her:

Studentersamfunnet i Bergen og NRK inviterer til ny direktesendt forelesningskveld. Mens Hillary Clinton og Donald Trump kjemper siste runde i kampen om å bli verdens mektigste person, går professor Frank Aarebrot på scenen med et foredrag fra hele den amerikanske presidenthistorien. Fra George Washington i 1789 til i dag. 43 presidenter på 227 år, fortalt på 227 minutter.

SJÅ FOREDRAGET: Frank Aarebrot fortel om det amerikanske presidentvalet.

4. Roadtrip i USA

Rett etter foredraget om amerikanske presidentar i Bergen, vende Aarebrot nasen mot USA. Med NRK sitt TV-team på slep, køyrde Aarebrot frå Chicago til New York for å ta tempen på den mildt sagt spesielle valkampen mellom Hillary Clinton og Donald Trump.

Alle dei seks episodane finn du NRKs nettspelar her.

5. Frank fyller 70 år

19. januar i år feira Frank Aarebrot 70-årsdagen med å lansere sitt neste store prosjekt. 500 år på 500 minutt, i anledning reformasjonsjubileet. Det skulle etter planen skje på direktesendt TV frå Grieghallen i oktober.

70-årsjubilanten feirer med å presentera eit nytt spektakulært NRK-prosjekt.

SPISTE KAKE: Full fest i NRKs radiostudio då Frank fylte 70 år.

6. Siste forelesning på UiB

24. april 2017 heldt Frank Aarebrot sin siste forelesning ved Universitet i Bergen. Det skjedde i emnet Stats- og nasjonsbygging og vart direktesendt i stort sett alle medier i Bergen.

7. Frank forklarer

Heilt til det siste bidrog Frank Aarebrot med analysar og innblikk. I tida fram mot måndagens stortingsval har Aarebrot gjennom korte videosnuttar i Vestlandsrevyen og på nett gitt forklaringar på småparti, råskapen i valkampen og norske verdiar.

Sonen Erik Aarebrot fortel til NRK i dag at Aarebrot også rakk å gi si stemme ved årets stortingsval før han gjekk bort.

– Han smilte godt då han fekk valkortet sitt og han smilte godt då han fekk gjort si borgarrett. Han fekk verkelig gjere det han elska, heilt til sin slutt.

Den siste «Frank forklarer» vart publisert laurdag kveld. Du kan sjå alle igjen her:

Professor Frank Aarebrot forklarer hvorfor du bør bruke stemmeretten din.

FRANK FORKLARER: Stemmerett

Professor Frank Aarebrot forklarer.

FRANK FORKLARER: Valgkampen betydeleg råere på sosiale medier

Frank Aarebrot forklarer deg hvilken rolle småpartiene har i norsk politikk.

FRANK FORKLARER: Derfor er småpartiene viktige.

Frank forklarer: Hva er egentlig norske verdier?

FRANK FORKLARER: – Norske verdiar er knapt norske.

– Donald Trump har gjort verden mer uforutsigbar. Det kan hjelpe Høyre og Frp, mener Frank Aarebrot.

FRANK FORKLARER: Verden og norsk politikk