Hopp til innhold

Sjå direkte: Julestormen «Urd» slår inn over kysten

FEDJE (NRK): Det er venta opp mot 45 sekundmeter i kasta på det verste 2. juledag. Følg julestormen direkte frå NRK sitt kamera i havgapet.

  • Klokken 17 er direktesendingen tatt ned på grunn av mørket.

Det blir alt anna enn ei kvit jul i år: Allereie før julefreden senka seg herja stormen i fleire dagar, det er sendt ut ekstremvarsel og fleire fjellovergangar er stengde.

– Julehelga blir prega av vind og uvêr, seier statsmeteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

NRK sender direkte frå Kystverket sin trafikkstasjon på Fedje, der vi følgjer uvêret Urd frå kysten.

Kraftig vind og store bølgjer

Ekstremvêret gir store bølger, sterk vestleg storm og heftige vindkast. På Vestlandet, sør for Stad, kan det blåse full og sterk storm måndag ettermiddag.

På dette kartet kan du sjå korleis vindane bles akkurat no:

Vegtrafikksentralen ber folk vere budd på stengde fjellovergangar eller i beste fall kolonnekøyring på enkelte av dei. På alle overgangar er det vinterforhold med snø- og isdekke.

Sjå NRK sin oversikt over trafikken på fjellovergangane.

Dette bør du sjekke om vêret og trafikken der du er:

Slik såg det ut då NRK reiste med Fedje-ferja i førjuls-uvêret:

NRKs fotograf filmet fergeturen fra Fedje til fastlandet 20. desember. Dette var den siste avgangen denne dagen før sambandet ble innstilt grunna uvær.

NRKs fotograf filma ferjeturen frå Fedje til fastlandet 20. desember. Foto: Alrik Velsvik