Uveret er på det sterkaste akkurat no. I Hordaland er kring 6 000 abonnentar utan straum, og over tusen abonnentar er straumlause i Sogn og Fjordane. Det er store problem i ferjesambanda og det er venta høg flo i 21-tida i kveld.
- Les også: Ekstremvêret «Urd» er i gang
- Les også:
SJÅ VIDEO: Slik såg det ut i småbåthamna i Florø litt før klokka 15. Foto: Truls Kleiven
Sterkast i kveld
I Nordsjøen er det allereie målt vindkast på 40 meter i sekundet. Vinden som utover kvelden sler innover land er venta å vere mellom 35 og 45 meter i sekundet.
SJÅ VIDEO: NRK-reporter Adalheidur Oldeide rapporterer frå Kråkenes i Vågøsy.
Meteorologane melder at ekstremvêret «Urd» vil vere på det verste mellom klokka 18 og 20. Det vil venteleg blåse kraftig vind utover kvelden, og kanskje utover natta.
- Les også: Fleire flyplassar stengt på Vestlandet
Vinden kan også ta godt inn i landet.
– Eg oppmodar alle om å halde seg innandørs, og bu seg godt slik at ein slepp å gå ut i stormen når den slår til for fullt i ettermiddag, seier ordførar Frida Melvær (H) i Askvoll.
Askvoll bur seg
Sjølv skal ho oppleve stormen eit 120 år gamalt tømmerhus på Bulandet, ei av dei ytterste øyane i kommunen.
- Les også: Ekstrasending om uvêret på NRK P1
– Vi har hatt kontakt med politi og Statens vegvesen for å få informasjon og gi informasjon. Vi har fått melding om at vegane blir stengde, og set i verk dei rutinar vi skal, seier Melvær.
FRÅ FERJA: Slik såg det ut frå ferja til Bulandet i Askvoll i føremiddag.
Sikrar båtane
På klubbeneset i Florø har båtfolk møtt opp for å passe på at båtane deira er godt nok sikra.
– Vi har gjort mykje førebuingar i forkant, så eg trur det går bra, seier Jan Bøen, som har ein trebåt liggande i småbåthamna.
Han har høyrt om målingar som seier 53 knop, og ventar at det vil auke.
– No går vi ikkje ut på flytebrygga, det går ikkje no. Det er òg sperra av brannvesenet, så det er heilt uaktuelt, seier Bøen.
PASSAR PÅ BÅTEN: Jan Bøen har ein trebåt liggande i småbåthamna. Foto: Arne Stubhaug
Utvidar beredskap
Melvær seier at kommunen rustar seg for det som ventar.
– Vi «hentar heim» legevakta til Askvoll, forsterkar heimetenestene i krinsane og har kontakt med brannkorps og brannvern og utvidar beredskapen i uteseksjonen, seier Melvær.
Torfinn Kråkenes fanga nokre bilete på Kråkeneset medan det rfamleis var dagslys.
Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRKOrdføraren ventar at den største utfordringa vil vere telefonsamband, men opplyser at brenndepot i alle krinsar har telefonar som er knytte opp mot naudnettet.
- Les også: Sjå korleis Urd treffer Norge
– Vi har erfart at Kvammen-området kan vere ei større utfordring enn vi har tenkt og trudd i utgangspunktet. Vinden tek hardt og vi har utfordrdingar med kommunikasjon, seier Melvær.
SJÅ VIDEO: Reporter Bård Siem rapporterer frå Florø.
– Mindre enn «Dagmar»
Ved Kråkenes fyr har fleire skuelystne samla seg for å sjå bølgene og ta bilete.
Fotograf Torfinn Kråkenes har tatt seg ut til fyret for å fange bilete av bølgene og vinden. Han var òg ved fyret då «Dagmar» herja, men han meiner bølgene no er mindre.
– Under «Dagmar» gjekk bølgene heilt opp til fyret her, men no går dei halvparten så høgt, seier Kråkenes.
Høge bølgjer
Det er venta høge bølgjer, på 11-13 meter frå Lindesnes til Stad. Både politiet og meteorologar åtvar folk mot å gå ut for å sjå på bølgjene.
I det heile oppmodar politiet folk om halde seg innomhus.
– Vinden er så sterk at det er fare for skade på bryggjer og anna i kystsona. Dessutan kan takstein og takplater blåse av hus, seier Skare.
FRISKT I FLORØ: Fotograf Truls Kleiven har fanga uveret i kystbyen.