Hopp til innhold

Nordfjordpasientar får lang reise til sentralsjukehuset

Med alle ferjesambanda i Nordfjord innstilte, blir det ei lang reise for pasientar som skal til Førde.

Mykje stengde vegar

FØLGJER: Den sterke vinden får følgjer for vegfarande på Vestlandet.

Foto: Skjermdump

Ei lang rekkje ferjesamband langs kysten er innstilte på grunn av ekstremvêret «Urd».

Mellom desse er dei tre sambanda som går over Nordfjorden. Det betyr at reisande må køyre rundt om ein skal nordover eller sørover.

– Det betyr lengre transport for pasientane, med mindre redningshelikopteret kan fly, seier beredskapssjef i Helse Førde, Terje Olav Øen.

Kan rykkje ut

Sjukehuset på Nordfjordeid er i beredskap, men har ikkje kirurgitenester. I tillegg er det sjukehus i Volda.

Slik vêret er no, kan luftambulansen lite truleg legge ut om pasientar i Nordfjord må til Førde.

Derimot har redningshelikopteret som er stasjonert i Florø sagt at dei førebels kan rykkje ut om det skulle vere naudsynt.

– Vinden varierer frå minutt til minutt, og det er klart at det vil påverke redningshelikopteret om den blir veldig tung i kasta. Til no har ikkje situasjonen fått følgje for pasientar eller liv og helse, seier Øen.

Har kontroll

Terje Olav Øen

BUDDE: Beredskapssjef Terje Olav Øen seier at dei har testa at kommunikasjonssystema er oppe og går.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Øen seier at dei opplever tilsvarande situasjon over Sognefjorden. Til no er det berre Mannheller–Fodnes det ikkje er innskrenkingar på.

Desse ferjesambanda er innstilte:

  • E39 Oppedal - Lavik (Sogn og Fjordane)
  • E39 Anda - Lote (Sogn og Fjordane)
  • Fv365 Værlandet - Askvoll (Sogn og Fjordane)
  • Fv614 Isane - Stårheim (Sogn og Fjordane)
  • Fv57 Leirvåg - Sløvåg (Sogn og Fjordane)
  • Fv606 Krakhella - Rutledal (Sogn og Fjordane)
  • Fv57 Rutledal - Rysjedalsvika (Sogn og Fjordane)
  • Fv65 Fure - Askvoll (Sogn og Fjordane)
  • Fv608 Gjerdvik - Askvoll (Sogn og Fjordane)
  • Rv13 Dragsvik - Hella - Vangsnes. B-ruta er innstilt og A-ruta har siste avgang frå Hella klokka 1930. (Sogn og Fjordane)
  • E39 Sandvikvåg - Halhjem (Hordaland)
  • Fv56 Nordhuglo - Hodnanes (Hordaland)
  • Fv544 Skjersholmane - Ranavik (Hordaland)
  • Fv546 Hufthamar - Krokeide (Hordaland)
  • Fv40 Skånevik - Matre (Hordaland)
  • Fv48 Skånevik - Utåker (Hordaland)
  • Fv13 Kinsarvik - Utne (Hordaland)
  • Fv568 Fedje - Sævrøy (Hordaland)
  • Fv126 Gjermundshamn - Varaldsøy (Hordaland)
  • Fv48 Årsnes - Gjermundshamn (Hordaland)
  • Fv541 Buavåg - Langevåg (Hordaland)
  • Fv552 Hattvik - Venjaneset (Hordaland)
  • Fv62 Skjersholmande - Borgundøy (Hordaland)
  • Fv546 Sandvikvåg - Husavik (Hordaland)
  • Fv 49 Våge - Halhjem (Hordaland)
  • E39 Festøya - Solavågen (Møre og Romsdal)

Beredskapssjefen seier helseføretaket har vore føre var, og har plassert ut og flytta på ambulansane. Dei har også løysingar dersom ras hindrar tilsette i å komme seg til/frå jobb.

– Vi kjenner også til at Høyanger, Balestrand og Askvoll har etablert legevakter med tanke på pasientflyt. Eg føler at vi har kontroll på det vi kontrollerer. Elles må vi setje inn tiltak dersom nye situasjonar oppstår, seier han.

Innstiller båt

Det er venta at stormen vil vere på det sterkaste medan vinden snur frå vest til nordvest fram til klokka 20. Då er det venta at sterke vindkast kan nå langt inn i landet.

I tillegg er det varsla høge bølgjer inn mot land. Også i fjordane.

Norled varslar at dei har innstilt hurtigbåten frå Sogndal til Bergen. Båten vil gå som normalt frå Sogndal tysdag klokka 0705. Stormen har også fått store følgjer for flytrafikken til og frå Vestlandet.