Hopp til innhold

Ekstrasending om uveret på NRK P1

NRK følgjer uvêret Urd tett, og sender direkte på NRK P1 kvar heile time utover ettermiddagen og kveld.

Bølger på Furestranda og kart over "Urd"

HEFTIG: @hoars på Instagram fanga desse bølgene på kamera i dag. Kartet syner korleis 'Urd' nærmar seg land.

Foto: @heiars / yr.no

Ekstrasendinga går på P1 (FM, Dab, radio.nrk.no)

Sendinga går til lyttarane i Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Deretter sender vi etter behov på radio, dette vurderer vi fortløpande. Men det vert ekstrasending kvar heile time, rett etter Dagsnytt, utover ettermiddagen og kveld, så lenge vi ser at det er behov, seier redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Roy Raasholm Fauske.

Vi har også reporterar og fotografar ute for å dekke uvêret, både til radio, nett og TV. Dersom du har tips til oss, kan du kontakte oss på telefon 57724242, e-post: 03030@nrk.no eller via Facebook.