Hopp til innhold

Sjå bileta frå lufta – sånn ser Voss ut etter flaumen

Mange vegar er stengde og fleire hus har fått vasskadar. Flaumen har gjort store skader fleire plassar på Vestlandet.

SISTE: Mannskap frå Voss brannvern, tekniske tenester og Sivilforsvaret pumpar framleis vatn ut av Voss kulturhus, Voss tinghus og Voss ungdomsskule. Dette arbeidet vil halda fram så lenge det er nødvendig. Det pågår også eit arbeid for å rydda vegar og anna kommunal infrastruktur.

Voss etter flaum

Slik ser området nedanfor togstasjonen på Voss ut laurdag formiddag.

Foto: Kenneth Kleppe / UAS Voss

Flaumtoppen har passert på Voss

Vasstanden har stige gjennom natta på Voss, som er den staden i Vestland som har vore hardast ramma av flaum på grunn av eit kraftig regnvêr. Men i morgontimane laurdag ser det ut til at ein har passert flaumtoppen.

Fotballbanen og campingplassen på Voss

Fotballbanen og campingplassen på Voss er under vatn.

Foto: Kenneth Kleppe / UAS Voss

– Vasstanden har slutta å stige, seier operasjonsleiar Tore Andre Brakstad i Vestland politidistrikt til NRK.

Det er allereie meldt om skadar på ein del bygningar. Blant bygga som skal ha fått skadar er kulturhuset, ifølge operasjonsleiaren.

I løpet av natta har dei prøvd å avgrense skadane ved å sikre med sandsekkar som skal halde vatnet ute.

Anne Lene Bråthen filma eit naust som kom med elva frå Evanger til Bolstad laurdag morgon.

– Det er nesten like mykje vatn her no som det var i 2014. Eg trur kjem til å sjå liknande skader etter denne flaumen også, seier ho.

Truleg verste flaumen i moderne tid

Flaumen på Evanger er truleg den verste i moderne tid, fortel Tor Halvorsen, stabssjef i Voss herad laurdag morgon.

For Voss er det den nest verste flaumen i moderne tid.

Vangsvatnet kulminerte mellom klokka 04 og 05 laurdag morgon, om lag 30 cm under nivået for 2014-flaumen, melder kommunen i ei pressemelding.

Voss herad ber alle vera varsame, det er framleis svært høg vassføring og fare for jordskred. Det vil framleis gå mange timar før vatnet har trekt seg tilbake. Det er først då ein vil kunne avdekka alle skader som flaumen har skapt, skriv kommunen.

Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb seier til NRK laurdag morgon at dei ikkje har totaloversikt i kroner og ører på kva skader flaumen har gjort.

Nils Bjarne Stabæk, bibliotekar.

Nils Bjarne Stabæk, bibliotekar i Voss er nede i kjellaren i kulturhuset. – Det blei ikkje så gale som eg trudde, seier han.

Foto: Sjur mikal dolve / nrk

– Men det er store materielle skader i private og offentlege bygg. Det vil koste mange millionar, seier han til NRK.

Under flaumen i 2014 blei det skader for ein halv milliard kroner.

Skader i bygg og på fotballbaner

I sentrum av Voss ligg det to fotballbaner under vatn, truleg heilt øydelagde. Det seier Hallgeir Finbråten, dagleg leiar i Fbk Voss.

Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb(til venstre) og Hallgeir Finbråten, dagleg leiar FBK Voss, ser at det er store skader fleire stader, mellom anna på desse fotballbanene.

Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb (til venstre) og Hallgeir Finbråten, dagleg leiar FBK Voss, ser at det er store skader fleire stader, mellom anna på desse fotballbanene.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Eg håper vi har gode forsikringar, seier han, og fortel at det vil koste opp mot tolv millionar å bygge to nye baner.

Ved kulturhuset har vatnet trengt ned i kjellaren i bygget, og det blir no pumpa ut vatn herfrå. Bibliotekar Nils Bjarne Stabæk har vore på staden.

– Det blei ikkje så gale som eg trudde, seier han.

Slik ser det ut i Evanger laurdag morgon.

Slik ser det ut på Evanger laurdag morgon.

Foto: Rune Skjold Fredriksen

Rune Skjold Henriksen på Evanger er rysta over korleis naturkreftene har herja.

– Alt ligg under vatn. Det er heilt ille ut, veldig dramatisk. Mange kjellarar her er oversumt, seier bergensaren som kom til Evanger i går.

Han fekk hakeslepp då han kom køyrande:

– Plutseleg var det 30–50 cm med overflatevatn i vegbana. Her blir det heftig, tenkte eg.

Då han kom til sentrum av Evanger var han sistemann over brua før den stengde.

Har jobba for fullt i natt

Særleg er det i Voss herad og i Aurland det har flauma over for fullt.

I Voss herad har brannmannskap jobba for fullt i natt og gjer det framleis.

Monika Bjørsvik sin butikk på Voss er truet av vannet

Brannmannskap har jobba på spreng i natt mange stader. Her frå Voss fredag kveld.

Foto: Monika Bjørsvik

Sivilforsvaret har også bidrege.

– Vi veit ikkje kor store skadane er etter flaumen. Det er noko av det vi må sjå på når det vert lys, seier Stian Kvam i 110- sentralen.

Ingen personar har blitt evakuerte i natt på Voss. No gjer brannmannskap det dei kan for å hjelpe folk som har fått vatn inn i husa sine.

Kor mange hus det er snakk om, kjenner han ikkje til.

Les også Jordras i Sogn – 15 beboere er innesperret

Menes

Situasjonen i Odda, Eidfjord og i Aurland roa seg ned fredag kveld. Då hadde vasstanden stoppa opp og brannmannskapet hadde kontroll, fortel Kvam.

Forsikringsselskapet If melder at dei har fått 15 skademeldingar etter flaumen på Vestlandet.

– Det er pågang i morgontimane i dag av forsikringskundar som melder inn øydeleggingar. Vi ventar at talet på skader kjem til å stige ein god del dei nærmaste dagane, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If i ei pressemelding.

Fryktar jordskred

– Dei vegane som er stengt no blir det inntil vidare. Vi forventar ikkje at fleire vert stengde på grunn av flaumen, sidan den er på veg tilbake, seier Kjetil Larsen i Vegtrafikksentralen

Men han trur derimot fleire vegar kan verte stengde på grunn av jordskred.

– No er jorda så metta at det kan vere fare for det. Oppmodinga vår er difor den same som i går: Om du ikkje må ut, så vent til vatnet søkk og vi får betre kontroll.

På hovudfartsåra E16 er det fleire stader vegen er uframkommeleg.

Særleg er det mykje vatn Bulken- Voss der vatn dekkjer begge køyrefelt.

– Det flyt også mindre tre, rusk og rask der, så her må vatnet først søkke og så må vegen ryddast og kontrollerast først. Men først må det bli lyst ute, seier Larsen.

Les også Fryktar kulturminne kan gå tapt i flaumen: – Ein katastrofe

Flaum i Årdal