Hopp til innhold

Fryktar kulturminne kan gå tapt i flaumen: – Ein katastrofe

Årdal kommune fryktar gamle bygningar kan stryke med i flaumen.

Flaum i Årdal

Årdal kommune fryktar viktige kulturminne kan gå tapt i flaumen som herjar Vestlandet.

Foto: Harald Thune

Det er ein katastrofe om kulturarven vår går tapt, seier Hilmar Høl, ordførar i Årdal.

Her fryktar at dei gamle bygningane «Ne`fø`sjøen» kan gå tapt i flaumen som no herjar Vestlandet.

Det er svært høg vassføring i Offerdalsvassdraget, og fleire av dei unike bygningane i nærleiken står i fare, melder kommunen fredag ettermiddag.

Frykta for «tørkestova»

Dei gamle bygningane, mellom anna eit hovudhus, ei mølle og eit båtnaust, ligg på nordsida av Årdalsfjorden i indre Sogn.

Dei siste åra har ei eiga foreining lagt ned ein stor innsats for å berge kulturminna.

Harald Thune er leiar i foreininga. Han har vore på staden i dag og var rask med å slå alarm. Årsaka var at han såg at elva var faretrugande stor.

Sogningen var raskt ute med å kontakte kommunen.

Årdal kommune fryktar for kulturminna i bygda.

Det er store krefter i sving i Årdal kommune og i Offerdalsvassdraget.

Foto: Harald Thune

Særleg fryktar han for «tørkestova», som står nærast elva. Her har det gått vatn rundt heile bygget og opp under taket på tømmerstokkane.

– Vi frykta at den skulle reise av garde med flaumen, seier Thune.

Også ei mølle står særleg utsett til. Men sidan bygget er bolta fast, vil det nok bli ståande, håper han.

Ein entreprenør har vore på staden, og ut frå tilbakemeldingane frå vedkommande, trur Thune det kan gå bra.

– Ein katastrofe

Men sjølv om bygningane forhåpentlegvis blir ståande, vil dei få skader som følge av flaumen.

Særleg gjeld dette tørkestova.

Les også Dei vil ta vare på viktig historie

Oskar Seim, Harald Thune og Ivar Seim

Entreprenøren frå kommunen skal sjekke området fleire gonger i løpet av kvelden.

– Kva om bygningane skulle ryke som følge av flaumen?

– Det ville vore ein katastrofe om det hadde gått tapt, seier han.

Årdal

Harald Thune var ute på området tidlegare i dag. Særleg er det bygningane nærmast elva som er mest utsette.