Hopp til innhold

Jobbar på spreng for å halde flaumen unna bustadhus

Flåmselva i Aurland har gått over breiddene sine.– Stig vatnet ti cm til, har vi ein stor sak, seier brannsjefen.

Slik såg det ut i Aurland omlag 16.30 i ettermiddag. Det gule huset står mest utsett til. To timar seinare står vatnet omlag 10. 15 cm oppover bygget.

Brannmannskap kjempar mot naturkreftene i Aurland. Fleire hus er truga av elva som renn over breiddene sine.

Foto: Arne Veum

– No jobbar vi for harde livet med å halde vatnet unna, seier brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen.

Han står klissblaut langs Flåmselva i Aurland saman med 15 andre i det lokale brannvesenet.

Etter at elva gjekk over breiddene sine i området rundt campingplassen, gjer dei no alt dei kan for å avgrense skadane under uvêret som herjar Vestlandet.

Verre enn 50-årsflaum

Brannmannskap har henta fram lensepumper for å halde vatnet unna husa i nærområdet.

Men det er ein tøff kamp mot naturkreftene:

– No går elva med 219 kubikk vatn per sekund, noko som er meir enn ein 50- årsflaum, seier brannsjefen.

Grensa ved 50-årsflaum går ved 206 kubikk vatn i sekundet.

Les også Fryktar kulturminne kan gå tapt i flaumen: – Ein katastrofe

Flaum i Årdal

– Er det fare for at husa i området kan ryke med?

– Nei, men det kan nok kome skader i bygga. No er det i alle fall to hus der det har kome vatn ned i kjellaren.

Har Sivilforsvaret i bakhand

Aurland kommune har auka beredskapen i samband med flaumsituasjonen.

Klokka 19.50 seier Sørensen at dei har betre kontroll.

– Vi trur vi er over det verste, men samstundes er det varsla ein topp om fire timar, så vi er enno på alerten.

Dersom vatnet stig ti cm til, kan det derimot bli meir kritisk.

– Då har vi ei stor sak. Då vil vatnet renne nedover i butikkane, seier han.

Brannmannskapet har vore i kontakt med Sivilforsvaret for å ha dei i bakhand.

Jobbar utover natta

Arne Veum frå Aurland er i området fredag kveld.

– Det er litt hektisk her. No er det folk som jobbar på i eitt, seier han.

Særleg er det eitt hus som står utsett til. Her står vatnet 10–15 cm oppover den gule bygningen.

Slik ser det ut i Aurland i kveld.

Brannmannskap i Aurland har lensepumper for å få unna vatnet. Tidlegare i dag blei det sett opp flaumvern.

Foto: Arne Veum

Om lag 200 meter av vegen er under vatn. Ikkje heilt uventa er vegen stengt inntil vidare.

– Flåmselva er enormt stor. Den fløymer over så til dei grader. No renn den over vegen og ned mot sentrum og jernbanestasjonen, fortel sogningen.

Ifølge Veum er det berre 15 cm om å gjere før elva går over plastringen som skjermar den populære jernbanelinja.

Tidlegare i ettermiddag fekk kommunen opp flaumvern. Gravemaskin har også vore på plass for å lette på situasjonen.

Mannskapet frå brannvesenet kjem til å vere i området i heile natt, seier brannsjefen.

– Vi må også ha tak i fleire folk etter kvart, seier han.