Hopp til innhold

Taus om kvifor han forlèt Brann

Ein av Brann sine største profilar forlèt klubben midt i kampen om seriegullet. Men kvifor, vil han ikkje svare på.

Sivert Heltne Nilsen

KLAR FOR HORSENS: Brann sin midtbanekrigar melder overgang til dansk klubb midt i ein sesong der bergensklubben kjempar om gull.

Foto: AC Horsens

I sitt første intervju etter overgangen til danske AC Horsens, vel Sivert Heltne Nilsen å seie minst mogleg om motivet for å flytte på seg.

– Du må snakke med sportsdirektør Rune Soltvedt eller AC Horsens. Det er dei som har gjennomført denne overgangen, svarer han.

Før helga kunne NRK avsløre at Brann sin midtbanekrigar hadde reist til Danmark, og var nær ein overgang til Superliga-klubben AC Horsens. Brann hadde akseptert eit bod, og Sivert Heltne Nilsen skulle forhandle om personlege vilkår, og til legesjekk. Måndag ettermiddag blei overgangen stadfesta av AC Horsens.

26-åringen har skrive under ein femårskontrakt, og blir den danske klubben sitt dyraste spelarkjøp nokon sinne. Ifølge BA skal prisen liggje på rundt tre millionar kroner.

Sivert Heltne Nilsen

PÅ PLASS I DANMARK: På kort varsel reiste Heltne Nilsen til Danmark fredag, for å sjå på forholda i AC Horsens. Då fekk han også med seg Superliga-kampen mellom sin nye klubb og Sønderjyske i Haderslev.

Foto: Claus Fisker / NTB scanpix

– Det vil eg ikkje svare på

Sivert Heltne Nilsen er lite snakkesalig om spørsmål om kvifor han forlèt serieleiaren Brann no. Han får betre betalt i Danmark, men vil ikkje snakke om kor mykje.

Han vil heller ikkje svare på kva kjensler han har ved overgangen.

– Føler du deg verdsett av Brann?

– Som sagt, denne overgangen må du snakke med Soltvedt eller AC Horsens om.

– Kva dialog har du hatt med far din, trenar Lars Arne Nilsen før overgangen?

– Det vil eg ikkje svare på. Du må snakke med klubbane ..

Lars Arne Nilsen og Sivert Heltne Nilsen

FAR OG SON: Sivert Heltne Nilsen har vore ein stor suksess i Brann etter at han blei henta til klubben. Då hadde faren, Lars Arne Nilsen, reist i førevegen og blitt trenar for bergensklubben.

Foto: Anders Hoven / Digitalsport

Vil ikke gå i detaljer

Rune Soltvedt innrømmer at overgangen kjem på eit uheldig tidspunkt for klubben.

– Trur du at Sivert går frå Brann med ei oppleving av å ikkje ha blitt verdsett?

– Det håpar eg verkeleg ikkje. Sivert har vore ein viktig spelar for klubben i fleire år. Vi håpar å takke han av på ordentleg vis.

Soltvedt vil ikkje å gå inn i detaljane rundt overgangen.

– Eg ynskjer ikkje å seie noko om kven som har ivra for at overgangen kom no eller kven som har initiert han, seier han.

Soltvedt opplyser at klubben jobbar med å få inn ein erstattar for Sivert Heltne Nilsen i den defensive midtbanerolla.

– Ting har skjedd veldig fort. Vi har difor ingen klare kandidatar nett no.

Sjokk for fansen

At Nilsen går frå den norske serieleiaren til ein mindre dansk klubb har blitt møtt med hovudristing og lett sjokk frå Brann-supporterane.

Sivert Heltne Nilsen har denne beskjeden til dei:

– Eg har hatt ei fantastisk tid i Brann. Reisa frå 1. divisjon til der vi er i dag er eg takknemleg for å ha vore med på. Brann er ein fantastisk klubb, og Bergen ein fantastisk by.

Horsens: – Perfekt signering

Til den nye klubben sin si heimeside seier Nilsen at han er vanvitig glad for klubbskiftet.

– Eg kjenner meg verkeleg ønska, og eg gler meg til å måle krefter med klubben og Superligaen.

Horsens ligg på 9.-plass med fire poeng etter tre kampar i den danske ligaen. Heltne Nilsen seier til klubbsida at han har ein ambisjon om å bidra så mykje som mogleg for at klubben skal komme seg høgare på tabellen. Horsens-trenar Bo Henriksen meiner Sivert Heltne Nilsen er ein perfekt signering.

– For oss er det ei gåve å kunne ynskje velkomen til ein spelar som var med å vinne sølv i Norge i fjor og som er ein profil for Brann som leiar Eliteserien, seier han.