Sivert Heltne Nilsen er ferdig i Brann. Det melder Brann på sine nettsider.
– Det kjennast veldig bra, seier Heltne Nilsen i ein video på Aberdeen sin Instagram. I videoen seier han at det skjedde veldig fort.
Tysdag kveld reiste Sivert Heltne Nilsen saman med agent og onkel Geir Morten Nilsen til Aberdeen for medisinsk sjekk og forhandlingar.
Dette er det siste steget før han fekk signert med den skotske klubben.
Tidligare Brann-kaptein Sivert Heltne Nilsen erkjenner at ting skjedde raskt då han meldte overgang til Aberdeen FC i ein video på klubben sin Instagram-konto.
Den avtroppande Brann-kapteinen bestod den medisinske sjekken, og er no klar for ny klubb.
– Det er ingen som kan erstatte Sivert Heltne Nilsen og den rolla han har fylt, men det opnar opp for å tilføre nye ting, nytt krydder, i dette brannlaget, seier BA-kommentator Jonas Grønner til NRK.
Heltne Nilsen har vore kaptein på Brann i to sesongar. Han har spelt nesten 200 kampar og skåra 26 mål for laget.
Foto: Tuva Åserud / NTBEtter at Aberdeen ønska å kjøpe midtbanespelaren har Sportsklubben Brann akseptert eit bod. Det stadfesta dei tysdag.
– Vi fekk ein førespurnad frå Aberdeen som ønska å kjøpe Sivert. Vi har etter ein totalvurdering vald å akseptere tilbodet, seier sportsleg leiar i Brann, Per-Ove Ludvigsen i ei pressemelding på deira nettsider.
Sivert Heltne Nilsen har uttrykt eit sterkt ynskje om å få kome til Aberdeen og oppleve skotsk fotball, det skriv Aberdeen i ei pressemelding.
Ein kjenning av Aberdeen-sjefen
Tidlegare Elfsborg-trenar Jimmy Thelin er no sjef i Aberdeen.
Midtbanespelaren og Thelin kjenner kvarandre frå før av. Heltne Nilsen var nemleg i troppen i den svenske klubben frå 2019 til 2021.
På instagramvideoen fortel han at Thelin gjorde han til ein betre spelar.
– Eg var ikkje stressa då eg var rundt han, så det er veldig komfortabelt å ha han som manager no, seier Heltne Nilsen.
Bergensrapparen Kamelen og andre folk er delte om Brann-kapteinens overgang til skotske Aberdeen.
Han fortel at Thelin er smart og veit korleis han skal få gode resultat.
– Eg synest Brann handterer dette heilt nydeleg. Han får ein treårskontrakt der borte med ein sum som allereie er mykje høgare enn det han tener i Brann i dag, seier Grønner.
Brann ligg for tida på andreplass på tabellen i Eliteserien, litt over halvvegs i sesongen i år.
Dei skal møte Haugesund i eit forrykande vestlandsderby på Brann Stadion i Bergen.
Mange har vore sjokkert over kapteinens overgang.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK– Har mista tillit
– No er det like greitt at han drar, så slepp vi å forhalde oss til støyen og utryggleiken han skapar rundt klubben, seier Erlend Ytre-Arne Vågane.
Han er styreleiar i supporterklubben Bataljonen.
Det kom nemleg ikkje som eit sjokk at midtbanespelaren forlèt Brann.
Han meiner Heltne Nilsen har mista tilliten hjå mange av supporterane etter at han fleire gongar har prøvd å forlate klubben, men legg kapteinen openbert også har vore ein viktig spelar.
– Det skapar veldig stor tvil om han eigentleg ynskjer å vere i klubben, og om han set klubben høgare enn seg sjølv, seier Vågane.
Styreleiar i Bataljonen Erlend Ytre-Arne Vågane på kamp.
Foto: Brann Bataljonen BergenIkkje første gong
I juli 2018 forlét han serieleiaren Brann for den vesle danske klubben Horsnes.
På same tid i fjor storma det også rundt Heltne Nilsen da hans agent uttrykte at Brann-kapteinen ikkje ønska å spele for klubben. Dette trass i at laget nettopp hadde vunne cupen og kjempa i toppen av Eliteserien.
– At kapteinen forlèt skuta på den måten i ein sånn type sesong som Brann er inne i nå, det trur eg folk slit med å forhalde seg til, seier Grønner, og legg til:
– Det er først og fremst dei som ikkje har gløymt 2018, og dei som definitivt ikkje er gløymt fjoråret, og så får dei ny sånn smell i år. Eg trur det er vanskeleg for folk å svelge.