Hopp til innhold

Rakel (19) krasja i tre som var felt over bilveg: – Vi var veldig heldige

Ein av dei tiltalte kom heim til Rakel Hovland Øren og bad om unnskyldning etter han var med på trefelling på ei vegstrekning med 80-sone.

Rakel Hovland Øren

Rakel (19) er glad for at ein av dei tiltalte i trefellingssaka kom og sa unnskyld.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

I januar og i mars i år blei fleire tre felte over vegar i Kinn kommune i Vestland.

Nokre av dei på ein riksveg mellom Førde og Florø.

Der køyrde to bilar inn i trea. Totalt 11 personar var innblanda. Politiet har sagt at det kunne ha fått dødeleg utfall.

Fire menn i 20-åra er tiltalte i saka, som vart avslutta i Sogn og Fjordane tingrett fredag. Dei har alle vedgått straffskuld og sagt at dei angrar.

Nokon har kutta ned fleire tre i vegbana.

TRE I VEGBANA: Slik såg riksveg 5 mellom Førde og Florø ut i mars i år.

Foto: Politiet

Trudde det var tull

Rakel Hovland Øren og venninnene sat i den første bilen som krasja. Dei var på tur heim frå fest då dei dundra inn i treet.

Ho fortel til NRK at ho hugsar hendinga som dramatisk. Dei første sekunda etterpå var kaotiske.

– Så høyrde eg at nokon sa i bakgrunnen: Nokon har kappa ned trea med vilje. Og eg tenkte: Nei, det har dei ikkje. Det er berre tull. Og så viste det seg at det var sant. Då tenkte eg: Kven har gjort det?

I dag er ho glad for at ho og dei andre involverte er i live.

– Vi var veldig heldige.

Det skulle vise seg at ein av dei som hadde vore med på trefellinga var ein ven av Rakel sin familie.

Rakel Hovland Øren

Rakel Hovland Øren skildrar den første tida etter hendinga som kaotisk, der det var uklart kva som hadde skjedd.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Litt etter hendinga ringde det på døra hennar heime. Der var ein av dei no tiltalte mennene, saman med foreldra.

– Han bad om unnskyldning og verka oppriktig lei seg. Eg tenkte at han var på gråten, seier ho.

Det er noko ho set pris på i dag, medan saka blir behandla i Sogn og Fjordane tingrett.

– Det var ikkje slik at han fekk beskjed om å seie unnskyld. Det verka genuint at han var skikkeleg lei seg for det han hadde gjort.

– Meiningslaus leik

I retten bad aktor om fengsel utan vilkår for alle dei fire tiltalte, opp til eit år og ein månad på det lengste.

– Eg vil kalle det ein meiningslaus leik med andre sine liv og helse, som kunne gått heilt gale, sa aktor Erling Melvær i sin prosedyre.

  • Tre kutta og lagt i vegbana i sunnfjord

    Eitt av trea dekte nesten heile riksvegen.

  • Tre kutta og lagt i vegbana i sunnfjord

    Fleire tre var kutta og felte over vegen.

  • Politiet seier trea er blitt bevisst kappa og lagt over vegbana. Dei ser alvorleg på saka.

    Politiet meinte raskt at nokon hadde kutta og felt trea med vilje.

  • Nokon har kutta ned fleire tre i vegbana.

    Ingen blei alvorleg skadde då dei to bilane krasja inn i trea, men det kunne ha fått dødeleg utfall, har politiet meint.

Sjåføren av den første passasjerbilen som krasja i treet forklarte seg i retten fredag.

I bilen var det fem passasjerar.

Han fortel at fleire av passasjerane var i sjokk, grein og skreik etter hendinga. Dei blei frakta til sjukehus, men ingen blei alvorleg skadde.

bil køyrde rett i tre

Slik såg ein av bilane ut etter å ha dundra inn i treet.

Foto: Politiet

Mareritt og fysiske problem

Køyretøyet hadde så store skader at det måtte vrakast.

Sjåføren seier at han sleit med mareritt i fleire månader etter hendinga og fekk etter kvart ryggsmerter.

Om lag tre til fem minutt etter at den første bilen krasja, kom neste bil og krasja inn i trestammen. Det blei sjåføren av den første bilen, vitne til:

– Det var så høgt smell at vi trudde dei ikkje kom til å vere i live.

Dei to sjåførane har forklart at dei heldt seg under eller i fartsgrensa.

Sjåføren av den andre bilen fortel om frykt for å køyre bil i tida etter hendinga, mareritt og fysiske problem.

– Eg har tenkt veldig mykje på kvifor dei gjorde som dei gjorde. Eg håpar dei får ei straff som gjer at dei lærer, seier han til NRK.

Nokon har kutta ned fleire tre i vegbana.

Tre menn tiltalte: «Brukte vegbanen med 80-sone som lekearena»

Kjeda seg og hadde motorsag i bilen

Dagen før, torsdag, sa ein av dei tiltalte at han ikkje hadde noka god forklaring på kvifor dei gjorde det.

Han forklarte at dei var ute og køyrde bil og at det tilfeldigvis låg ei motorsag i bilen, som dei ville teste. Dei ville sjå korleis folk reagerte når det plutseleg låg eit tre i vegbana, forklarte han.

Den siste tiltalte mannen i saka frå januar forklarte seg i dag.

– Vi kjeda oss, sa han.

Dei kutta ned fleire tre i tillegg til ein autovern-stolpe. I retten forklarte han at målet aldri var å skade nokon.

Bil etter krasj med tre på riksveg 5 i Kinn kommune. (Bilskilt sladdet)

Politiet frigav bilete av ein av ulykkesbilane fredag.

Foto: Politiet

Ber om samfunnsstraff

Bente Hermansen forsvarar ein av mennene. Ho seier dei ønsker at retten skal sjå på moglegheitene for samfunnsstraff og fengsel på vilkår.

– Vi meiner det er gode grunnar for det, men forstår at aktor ikkje er einig og vil legge seg på fengsel utan vilkår for alle dei tiltalte, noko vi meiner er veldig strengt.

Aktor er usamd i det, og meiner saka framstår for alvorleg til at ein kan gi samfunnsstraff.

I mars i år blei seks menn sikta for drap for ei liknande hending i Danmark, der ein 55-år gamal mann døydde då det blei felt eit tre på bilen hans ved Sorø på Sydsjælland.