Hopp til innhold

Politiet etterlyser syklist i drapssaka i Alver

Ønsker vitneobservasjonar og bilvideoar frå konkrete område i kommunane Alver og Bergen den 16. oktober.

Krimteknikar i kvit drakt held eit sperreband ved åstad for drap i Alver

DRAPSETTERFORSKING: Ein mann er sikta for å ha drepe svigermora si i Alver.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Vest politidistrikt ber om hjelp i samband med etterforskinga av drapet i Alver kommune, melder dei i ei pressemelding.

Ei kvinne i 50-åra døydde laurdag etter at ho torsdag blei funnen medvitslaus i bustaden sin. Svigersonen til kvinna er sikta for drapet. Mannen i 30-åra vart pågripen og avhøyrd fredag, og sit varetektsfengsla. Han erkjenner ikkje straffskuld.

Etterlyser syklist

Politiet har fått vitneobservasjonar om ein syklist på fylkesveg 564 mellom Holme i Alver og Frekhaug torsdag 16. oktober 2025 omtrent klokka 19.

No skriv politiet at dei vil ha kontakt med syklisten eller personar som har observasjonar eller informasjon om syklande i området denne kvelden.

en bil med en person som står foran

Politiet ber ein syklist, bilistar og turgåarar melde seg som moglege vitne i ulike område torsdag kveld.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Bilkamera og turgåarar

Politiet ber folk ta kontakt viss dei har video frå køyretøy (dashbordkamera) i området Holsnøy, Flatøy, Knarvik og Åsane bydel torsdag 16. oktober mellom klokka 18–23.

I tillegg ber politiet folk melde seg viss dei var i eit fjellområde nord i Åsane bydel:

Det gjeld området mellom Ikea og Hordvik i turområdet Veten, Høgstefjellet og Postveien torsdag 16. oktober mellom kl. 18–23.

Politiet kan bli kontakta på telefon 45 60 60 78 eller via sine heimesider.

Korrigering: politiet gav først feil telefonnummer. Dette vart retta klokka 12.53.

Får bistand frå Kripos

Påtaleansvarleg Eli Valheim i Vest politidistrikt seier til NRK at etterforskinga går føre seg for fullt.

– Vi har fått bistand frå Kripos i dag. Obduksjon går føre seg nå, i tillegg til informasjonsinnhenting, vitneavhøyr og liknande.

Påtaleansvarleg Eli Valheim i Vest politidistrikt

Politiadvokat Eli Valheim i Vest politidistrikt er påtaleansvarleg i saka.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Familiane til den avdøde og den sikta familiar har fått oppnemnt ein bistandsadvokat, opplyser politiet vidare.

Valheim kan ikkje seie noko om kva den sikta har forklart i avhøyr, eller om det var opplysningar under avhøyr som førte til etterlysinga av vitne.

Utelukkar andre pågripingar

Politiet har ikkje opplysningar om at syklisten har noko direkte med drapssaka å gjere, og utelukkar at fleire kan bli pågripne i saka.

Etterlysinga av syklisten gjeld eit mogleg vitne.

– Derfor ønsker vi kontakt med vedkommande, som ein del av informasjonsinnhentinga i etterforskinga, seier ho.

Det har blitt innhenta overvakingsmateriale frå offentlege bygg i nærleiken, og bomstasjonar.

Les også Kvinna som blei funnen medvitslaus i Alver død – utvidar siktinga mot mannen

en bil med en person som står foran