Hopp til innhold

Widerøe får halde fram med flyrutene

Widerøe har vunne kontraktane for flyging til og frå flyplassane i Sogn og Fjordane frå 1. april 2016.

Widerøe Dash 8-103 GARDERMOEN

FÅR HALDE FRAM: Widerøe får flyge seks anbodsruter i Sogn og Fjordane.

Foto: Kyrre Lien / NTB SCANPIX

Dei konkurrerte med Danish Air Transport om oppdraget. Dermed held Widerøe fram med å fly på kortbanenettet i fylket fram til mars 2020. Florø–Oslo og Florø–Bergen blir skilt ut som kommersielle ruter

– Det regionale flytilbodet utgjer ein viktig del av transporttilbodet i Norge. Gjennom tildeling av nye kontraktar på dei regionale flyrutene på Vestlandet, sikrar regjeringa eit godt flytilbod i desse regionane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

I Sogn og Fjordane skal Widerøe flyge på desse anbodsrutene:

  • Førde–Oslo
  • Sogndal–Oslo
  • Sandane–Oslo
  • Sogndal–Bergen
  • Sandane–Bergen
  • Førde–Bergen