Hopp til innhold

Sindre vart tatt av stort snøskred på E39

– Det var heilt kvitt, og eg kjente korleis snøen pressa inn mot sidedøra på bilen.

Ras Våtedalen

TATT: To skred kom på kort tid over E39 i Våtedalen laurdag denne helga.

Foto: Geir Ove Engebø

– Eg må seie eg vart skjelven, seier 56 år gamle Sindre Lillebø frå Haugen i Stad kommune.

Lillebø var på veg heim frå dansegalla i Førde laurdag kveld, og klokka var blitt 03 om natta.

På veg gjennom den rasutsette Våtedalen på E39 i Nordfjord kom to snøskred frå fjellsida. Det fyrste køyrde han rett inn i, det andre kom fossande rett på bilen medan han sat i den.

Dalen er kjent for skumle snøskred, men føret var normalt, og sjølv tenkte han ikkje på at det kunne kome noko ras i natt.

Sindre Lillebø

Sindre Lillebø frå Haugen i Stad

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg kom køyrande, og både vêr og føre var ganske normalt. Brått var det heilt kvitt framfor meg, og sørpe på vegen, eg køyrde rett inn i det i 70 kilometer i timen, eg sklei, gjekk i grøfta og stoppa i nokre steinar. VG fortalde historia til Lillebø fyrst.

– Det vart heilt kvitt

Lillebø prøvde å få laus bilen. Han klarte å spinne bilen rundt med fronten mot fjellet. Så vart det heilt kvitt i frontruta, eit nytt ras hadde fossa nedover rett mot han.

– Eg merka korleis raset pressa i sida mot bilen, bilen flytta seg nedover.

Kva tenkte du då?

– Då byrja eg å lure. Eg sat i bilen. Du tenker ikkje der og då.

Lillebø seier han hadde flaks som ikkje hadde gått ut av bilen då ras nummer to kom.

Våtedalen mellom Nordfjord og Sunnfjord

Vart plukka opp av bilist

Rett etter raset kom ein ny bil køyrande. Lillebø kom seg over til den andre føraren.

– Då byrja eg å kjenne på skjelven.

Medan dei sat i bilen høyrde dei fleire ras som kom frå fjellet. Dei fekk ringt naudetatane og køyrde tilbake mot eit tryggare område.

Fyrst 05.30 fekk dei sleppe gjennom Våtedalen, men E39 var stengt for natta for vanleg trafikk. Vegen vart opna i dag tidleg.

Ikkje fyrste gongen

Bil i skredet i Våtedalen

Ein bil vart også tatt av skred for fire år sidan

Foto: MESTA

I februar 2020 vart også ein førar tatt av snøskred i Våtedalen.

Det 150 meter breie skredet tok med seg ein bil 20–30 meter opp i fjellsida. Føraren slapp frå det med skrekken. Han hadde prøvd å køyre forbi før skredet trefte vegen, men var sjanselaus.

Rassikring har lenge stått på dagsorden, vegen er hovudvegen gjennom Vestlandet og omkøyringsvegane tek svært lang tid, og har låg standard. E39 gjennom Våtedalen er også raskaste veg til akuttsjukehus.

Ein lang tunnel vil koste nær 2 milliardar kroner.

Likevel vart rassikring utsett. Politikarane prioriterte heller riksveg 5 mellom Førde og Florø, som også er svært rasutsett.

Seinast i dag trefte ei stor isblokk ein personbil på strekninga. Bilen fekk knust panseret og frontruta, dei to i bilen vart ikkje skadde.

Våtedalen

Våtedalen i Nordfjord. Rasa kom frå begge sider av dalen då Lillebø sat fast.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Glad han berga livet

Bilen til Sindre Lillebø, ein Saab, stod att i raset. I dag skal den hentast ut av bilbergar.

– Bilen er ikkje det viktigaste, han såg ikkje heilt bra ut, men ein bil er ein bil. Eg har vore heldig trass alt.

Dagen etter var han på besøk med systera si for å kvile og prate.

– Det er godt å vere med andre på ein dag etter noko slikt, å sleppe å sitje med tankane åleine om kva som kunne skjedd, seier Sindre Lillebø.