Frykta for livet då snøskredet trefte bilen

VÅTEDALEN (NRK:) Herold Kråkenes hadde kjæresten på telefonen då han såg raset på E39 kome nedover fjellsida. – Eg skreik til ho at eg truleg kjem til å døy.

Bil tatt av snøskred

TURBULENT FERD: Her enda bilen til Herold Kråkenes då snøskredet traff.

Foto: Mesta

Fredag kveld gjekk varslinga om at eit digert snøras hadde gått over E39 mellom Skei og Byrkjelo. Det 150 meter breie snøskredet målte heile fire meter på det høgaste.

Ein bil med ein førar i vart flytta mellom 20-30 meter opp i fjellsida då skredet dundra over bilvegen.

Raset sperra stamvegen langs kysten i over eitt døgn, før det etter grundige vurderingar blei delvis opna for ferdsel laurdag kveld.

– Var sjanselaus

Inne i bilen sat Herold Kråkenes som kom frå det heile med skrekken.

– Eg trykkjer ned gassen og prøver å køyre forbi. Så innser eg at eg er sjanselaus. Det er for seint å verken stogge eller kome seg forbi.

Det gjekk ikkje mange sekund frå han skimta raset i fjellsida til det small.

– Eg har kjærasten på telefonen skrik til ho at eg truleg kjem til å døy. At det nok er siste gong ho pratar med meg.

Enorme naturkrefter festa grepet om bilen og alt blei kvitt.

– Eg tenkjer at no er det over. At mengder av snø vil gravleggje bilen og kvele meg, fortel Kråkenes.

– Den kraftige buldringa stoggar brått. Skya av snø legg seg og eg ser ut. Då skjønar eg at eg har overlevd.

– Eit enormt lufttrykk

– Han har jo vore midt inne i infernoet, det har nok vore eit enormt lufttrykk der.

Slik skildrar innsatsleiar i brannvesenet, Arve Dvergsdal, hendinga.

Han kom fram på sørsida som ein av dei første frå brannvesenet i Sunnfjord. Frå nord kom kollegaer frå Byrkjelo i Gloppen.

Ut ifrå informasjonen om at ein bil var teken visste han at det kunne stå om liv og død for dei som sat i bilen.

– Eg valde å ta meg opp til bilen, seier han, og fortel at det samtidig kom to kollegaer frå Gloppen brannvesen springande opp mot bilen.

Kråkenes tok seg ut av den knuste ruta og blei frakta ned til ein ambulanse på nordsida av skredet.

– Vi såg i fjellsida og vurderte det ikkje som trygt å gå inn, men vi må hjelpe folk. Det vart raskt inn og ut att for å få evakuert området, seier Joar Flølo, som var ein av ti brannmenn som kom frå Gloppen.

– Ikkje trygt å ferdast

Dvergsdal seier dei handla kjapt på staden, for å få føraren og seg sjølve ut av området. Medan dei arbeidde på staden gjekk det også eit nytt skred som ikkje nådde vegen.

– Det er jo ikkje heilt trygt å ferdast der på vinterstid, seier han.

I god form

To døgn etter den dramatiske hendinga sit Kråkenes utan ei skramme. Han rosar hjelpeapparatet som var i sving, for måten situasjonen blei handtert.

– Eg kjenner framleis litt på kjensla eg hadde i bilen, men kvir meg ikkje for å køyre der att.