Hopp til innhold

Isblokk trefte bil

Ei isblokk har rasa ned frå fjellet på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal.

Den har treft ein bil som har fått knust panseret og frontruta. Den er ikkje køyrbar. Dei to personane i bilen er uskadde.

Hendinga skjedde litt etter klokka 16. Isblokka har treft bilen medan den køyrde i 80 kilometer i timen.

Bilen vart straumlaus etter treffet. Eit felt vart stengt, og det var manuell dirigering på staden til bilbergar hadde fått fjerna bilen.

NRK har snakka med dei to i bilen, dei seier dei er i god behald, men at dei sjølvsagt er prega av hendinga.

Isblokk traff bil mellom Førde og Naustdal.
Foto: Arne Stubhaug / NRK