Politiet håpa å få svar på korleis ulukka i Kjølsdalen i Eid kunne skje. Men mannen i 50-åra som køyrde bilen har så langt valt å ikkje forklare seg.
– Dette er ei hending som har gått svært inn på min klient, og han har no valt å nytte seg av den retten han har til førebels ikkje å forklare seg noko meir, seier Oscar Ihlebæk som er forsvarar for mannen.
Nye forsøk på avhøyr
Fredag sat mannen i eit lengre avhøyr med politiet. Han er førebels sikta for aktlaust bildrap.
– Vi vil sjølvsagt gjere forsøk på nye avhøyr av mannen, seier regionlensmann Tormod Hvattum.
– Betyr det nye forsøk i dag, eller blir det i morgon?
– Mest sannsynleg så vert det nok i morgon, seier Hvattum
I mellomtida gjer politiet analysar av tekniske spor, og vurderer om det også skal gjerast fleire vitneavhøyr.
– Må vurdere om han kan avhøyrast
– Eg reknar med at politiet vil prøve å avklare moglegheiter for at min klient gir ei ny formell forklaring, men det får vi eventuelt kome attende til, seier Ihlebæk.
Han understrekar at han kjem til å la omsynet til den sikta gå framfor behovet for eventuelle nye avhøyr.
– Dersom eg er usikker på om han er fysisk og psykisk i stand til å la seg avhøyre, så kjem eg til å seie nei til nye avhøyr no, seier Ihlebæk.