Hopp til innhold

Sikta nektar straffskuld

Dei tre som er sikta etter det mistenkelege dødsfallet på Nordfjordeid vart alle varetektsfengsla i to veker i dag.

Dei tre blir varetektsfengsla i to veker med brev- og besøksforbod.

Forsvararen til den eine av dei tre, Paul-Inge Angelshaug, skriv fredag kveld i ein SMS til NRK: «Vil gå gjennom kjennelse med klient i helgen. Ikke tatt stilling til anke.».

Alle tre nekta straffskuld då dei møtte i Sogn og Fjordane Tingrett i dag. Men den eine av dei samtykkja i fengsling, sjølv om han ikkje vedgår straffskuld.

Politiadvokat Kristine Bu seier dei ønskte varetektsfengsling etter opplysningar som kom fram tidleg i etterforskinga. Bu vil ikkje seie noko om siktingane blir utvida.

– Per no er det uavklart kva som er skjedd, og vi ser på fleire hypotesar.

Politiet har tatt fleire avhøyr av dei sikta, jobbar med å avslutte kriminaltekniske undersøkingar. Fleire vitne er og avhøyrt.

Søndag vart ein mann funnen død på ei adresse på Nordfjordeid. Politiet gjennomførte då kriminaltekniske undersøkingar på staden, samt vitneavhøyr. Politiet har ingen opplysningar om dødsårsaka, men omtalar det som mistenkeleg.

Ivar Blikra

FORSVARAR: Advokat Ivar Blikra seier at klienten hans nektar straffskuld.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Han har det svært vanskeleg

Advokat Ivar Blikra er forsvarar til ein av dei to andre sikta. Også klienten hans nektar for å ha gjort noko gale.

– Han meiner at han ikkje har gjort noko straffbart. Han stiller seg ikkje uforståande til at politiet ønskjer å snakke med han ettersom han kjenner den døde. Men han stiller seg uforståande til at han skal ha gjort noko straffbart.

Korleis har han det no?

– Han har det svært vanskeleg. Han er i ein situasjon der han er arrestert av politiet i ei alvorleg sak. I tillegg kjenner han den døde godt.

Kva ligg det i det? Er dei vener?

– Dei har eit venskapsforhold, men eg ønskjer ikkje å utdjupe det meir.

Kjende kvarandre

– Kva er relasjonen mellom klienten din og dei to andre som er sikta?

– Dei kjenner kvarandre.

Vedgår han å ha vore til stades då dødsfallet skjedde?

– Eg ønskjer ikkje å gi ytterlegare kommentar når det gjeld fakta i saka. Vi er tidleg i etterforskinga.

Finst det tekniske bevis i saka?

– Det ønskjer eg ikkje å uttale meg om. Det er slik at eg har innsyn i hemmelegstempla dokument frå politiet, noko som betyr at eg har teieplikt, seier Blikra.

I går sa forsvararen hans, advokat Per Kjetil Stautland, dette til NRK.

– Det er viktig for klienten min at det vert skapt ro rundt situasjonen. Han tenkjer og på den døde sin familie. Han meiner det er eit lite offer for han om ei varetektsfengsling kan bidra til at politiet får den tid dei treng til å etterforske saka.