Hopp til innhold

Sigrid har klimaangst: – Det gjer vondt

Meir enn halvparten av dei under 30 år fortel at dei er «ganske eller veldig uroa» over klimaendringane. – Unge ringer og seier at dei ikkje vil ha barn, seier generalsekretær i Kirkens SOS.

Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar Natur og ungdom i Gloppen

FORTVILT: Sigrid Hoddevik Losnegård (18) blir lei seg over klimaendringane og føler innimellom apati. Den beste medisinen er å engasjere seg for å redde klimaet, seier ho.

Foto: Bård Siem / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det gjer vondt, og eg blir lei meg, seier Sigrid Hoddevik Losnegård (18).

Ho er leiar i Natur og ungdom i Gloppen. Innimellom blir ho sint, andre gonger apatisk.

– Det blir ikkje betre av at vi ikkje føler oss høyrde, seier ho.

Tidlegare var folk redde for sur nedbør og atomkrig. No er det klimaendringane som tek pusten frå folk.

Ferske tal frå Senter for klimaforsking, Cicero, viser at litt over 50 prosent av dei spurte under 30 år er «er ganske eller veldig uroa» over klimaendringane.

Dei som har minst klimafrykt er i aldersgruppa 45–59 år, der 30 prosent er «veldig eller ganske uroa».

– Eg tenker vi hadde sett høgare tal om målinga vart gjort no rett etter den siste klimarapporten vart lansert, seier Cicero-forskar Marianne Aasen.

Stigande temperaturar og ekstremvêr gir dårlegare psykisk helse for menneske verda over, ifølge ein rapport frå forskarar ved Imperial College London.

– Dette gjer meg livredd, sa MDG-leiar Une Bastholm då klimarapporten frå FN vart lagt fram sist veke.

– Dette er ein påminning om kor livsfarleg norsk oljepolitikk er, la ho til.

Bastholm til angrep mot Ropstad

LIVREDD: – Dette gjer meg livredd, sa MDG-leiar Une Bastholm då klimarapporten frå FN vart lagt fram sist veke.

Foto: n647302

Får hjelp av psykolog

I eit lesarinnlegg i Avisa Oslo skriv 25 år gamle Lene Elisabeth Eide om søvnproblem og om at ho har gått til psykolog, utan at angsten slepp taket.

– Klimaangsten sit som ein vond klump i magen, seier ho.

Generalsekretær i Kirkens SOS, Lasse Heimdal, fortel om ungdommar som ringer inn fordi dei er uroa for klimaet.

– Enkelte seier at dei ikkje vil ha barn. Nokon stiller spørsmålet: Kva er vitsen med utdanning og å satse på livet framover? Enkelte kjenner på at verda står føre eit stup, seier han til avisa Vårt Land.

Han legg til:

– Vi må ikkje underslå alvoret, men heller ikkje snakke til barn og unge som om alt håp er ute.

Lene ELisabeth Eide. Abortdemonstrasjon foran Stortinget

SOM EIN KLUMP I MAGEN: Lene Elisabeth Eide (25) har gått til psykolog fordi ho har slite med sterk klimaangst.

Foto: Thomas Audunhus

– Kan bli sjuk av klimafrykt

– Jo meir eksistensiell trusselen er, jo meir sannsynleg er det at du blir sjuk, seier Ole Jacob Madsen, professor ved Psykologisk Institutt ved Universitetet i Oslo.

Han brukar stillehavsøya Tuvalu som døme, som står i fare for å forsvinne når havet stig.

Her oppgir så mange som 95 prosent ein form for klimaangst. 87 prosent seier frykta forstyrrar deira daglege gjeremål.

Han poengterer at Tuvalu ikkje kan samanliknast med Noreg, men er ikkje overraska over at fleire nordmenn rapporterer om klimaangst.

– Samtidig er det sannsynleg at dei som frå før er disponerte for angst, reagerer fortare, seier han.

TUVALU-UN-CLIMATE-WARMING-FILES

TUVALU: Her oppgir så mange som 95 prosent ein form for klimaangst. 87 prosent seier frykta forstyrrar deira daglege gjeremål.

Foto: TORSTEN BLACKWOOD / AFP

– Miljørørsla påfører skam og skuld

Prest og samfunnsdebattant Einar Gelius meiner miljørørsla sitt forsøk på å «skremme folk til omvending» har ein historisk og teologisk parallell.

– Slik kyrkja har påført skam, skuld og frykt, driv miljørørsla med akkurat det same, seier han.

MDG-leiar Une Bastholm svarer slik på skuldinga:

– Om det eg sa ikkje var sant, så ville det vore dårleg gjort. Problemet er at det er sant.

Einar Gelius' siste preken i Vålerenga

KRITISK: Slik kyrkja har påført folk skam, skuld og frykt, driv miljørørsla med akkurat det same, meiner prest, forfattar og samfunnsdebattant Einar Gelius.

Foto: Nyhetsspiller / NRK