Hopp til innhold

Sette punktum for ortopedien i Eid

I dag sløkkjer sjukepleiarane for siste gong lysa på ortopedisk avdeling ved Nordfjordeid sjukehus.

Video Siste operasjon ved Nordfjord sjukehus

SJÅ TV-SAK: Siste operasjon ved Nordfjord sjukehus.

Etter mange år med politisk strid, og sterke kjensler, er blir det i dag sett punktum for ortopedisk avdeling i Eid.

Ein dag oversjukepleiar Britt Nesje Solheim gjerne skulle vore forutan.

– Det er klart at dette er vemodig. Etter 33 år her, så er det ikkje til å leggje skjul på det, seier ho.

Håpa i det lengste

Nesje Solheim har vore med sidan 70-talet. Torsdag vaska ho hendene og gjorde seg klar til den aller siste ortopediske operasjonen ved Nordfjord sjukheus.

Britt Nesje Solheim

TUNG DAG: Oversjukepleiar Britt Nesje Solheim har sin siste arbeidsdag ved ortopedisk avdeling på Nordfjordeid.

Foto: Britt Nesje Solheim / NRK

I dag blir dei siste pasientane skrivne ut og dei neste fire månadane blir dei tilsette sjukepleiarane ved ortopedisk avdeling plassert på andre avdelingar kring om på sjukehuset.

– Eg trur ikkje at det heilt har gått opp for folk. Ein har vel håpa i det lengste at det skulle gå bra, men no veit vi at det gjer det ikkje, seier Nesje Solheim.

Tapte kampen

Etter årelang strid bestemte regjeringa seg for å leggje ned avdelinga, saman med fødetilbodet. I sommar framskunda styret i Helse Førde nedlegginga til å skje no før jul.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pasient på ortopedisk avdeling i Eid.

SISTE DAG: Snart stengjer dei dørene og sløkkjer lysa ved ortopedisk avdeling i Eid.

Foto: Randi Indrebø / NRK

I eit siste forsøk gjekk sjukehusforkjemparar rettens veg for å stogge vedtaket. Dei tapte.

– Det kjennast vemodig. Det er eit stort tap for innbyggjarane her, seier overlege Bjørn Cars.

– Kan vere stolte

Cars fjerna skruene frå eit ankelbrot. Operasjonen som vart den siste ved ortopedisk avdeling.

Bjørn Cars

SKUFFA: Overlege Bjørn Cars.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Den svenske overlegen seier at avdelinga, med plass til 24 pasientar, særleg innan kikholskirurgi har mykje å vere stolte av.

– Når det gjeld kikholsoperasjonar av hofte og skuldrer, så er dette eit av dei meist framståande sjukehus i Norden, seier han.

– Vemodig og kjedeleg

– Det kjennest vemodig og kjedeleg. Det kjennest ut som ei dårleg avgjerd å leggje ned. Eg skulle veldig gjerne teke med meg heile sjukehuset til Sverige, legg Cars til.

Oversjukepleiar Oddrun Rye konstaterer at siste arbeidsdag på avdelinga nærmar seg. Snart blir korridorane låste, og avdelinga ståande tom.

Oddrun Rye

SKAL LÅSE: Oversjukepleiar Oddrun Rye.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Møblement og inventar blir ståande, og vi må sjølvsagt skru av lyset og stengje dørene, seier ho.

– Toskeskap

Også pasientane på avdelinga veit at dei har ein spesiell status. Som dei siste pasientane, meiner Malvin Hjelle frå Byrkjelo, at det er ei tvilsam ære.

– Toskeskap. Det er kjedeleg. Det er ikkje bra, seier han.

For dei 16 spesialsjukepleiarane ved anestesi og operasjonsavdelinga er det ei mager trøyst at dei framleis har jobb å gå til, men utan ortopedi vert det lite å gjere. Til hausten, når også fødeavdelinga vert stengd, kan det vere slutt for godt for operasjonsaktiviten.