Hopp til innhold

Helse Førde frifunne i tingretten

Helse Førde er frifunne i saka der helseføretaket var skulda for å ha gjort nedleggingsvedtak i strid med loven. Sjukehusaksjonen er svært skuffa over utfallet.

Adv. Knut Leknes og Jon Bolstad

BLEI FRIFUNNE: Bergen tingrett meiner Helse Førde ikkje har gjort vedtak i strid med lova. Her er advokat Knut Leknes og administrerande direktør Jon Bolstad.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Helse Førde og Sjukehusaksjonen i Nordfjord møttest måndag og tysdag i rettsforhandlingar i Bergen tingrett.

Sjukehusaksjonen kravde at retten skulle gjere om på vedtaket i Helse Førde om å leggje ned ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

Fredag ettermiddag kom avgjerda frå tingretten. Helse Førde er frifunne for å ha gjort vedtak i strid med loven.

Var skulda for saksbehandlingsfeil

Sjukehusaksjonen tok saka til Bergen tingrett, etter Helse Førde har gått inn for å leggje ned ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

Målet var å få styrevedtaket kjent ugyldig på grunn av det dei meiner er saksbehandlingsfeil, kompetansemangel og innhaldsmangel.

Ein påpeikte også at styrevedtaket er i strid med det mykje omtalte gåvebrevet.

– Fleire nordfjordingar kjem til å døy som følgje av at ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus blir lagd ned, sa overlege Henrik Berg i rettssalen i Bergen tysdag.

Meiner tilbodet er godt nok

Helse Førde avviste klagene med at saksbehandlinga har vore grundig, og at saka har vore tilstrekkeleg utgreidd.

Helseføretaket viste samstundes til at eit privat gåvebrev ikkje kan binde Helse Førde sin kompetanse etter helseføretaksloven.

Helse Førde meiner også at helsetilbodet fungerer tilfredsstillande, og ville ha saka avvist.

I kjennelsen frå Bergen Tingrett står det at pasientar ikkje har ein lovfesta rett til å krevje at ei behandling skal gjennomførast ved eit lokalsjukehus. Retten skriv også at gåvebrevet frå ekteparet Singer på 1950-talet, ikkje vil kunne binde opp helseføretaket sitt ansvar i forhold til organisering av verksemda.

Må ut med over 400.000 kroner

Svein Hansen og adv. Gerd Aadland Fagerli

TAPTE: Leiar Svein Hansen i Sjukehusaksjonen og advokat Gerd Aadland Fagerli vann ikkje fram i Bergen tingrett.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Bergen tingrett gav Helse Førde medhald i saka, og gjev helseføretaket krav på full erstatning på sakskostnadene sine.

Sjukehusaksjonen vart dømd til å betale Helse Førde sakskostnader på 402.421 kroner. I tillegg må sjukehusaksjonen betale sine eigne sakskostnader på 440 700 kroner.

Samla utgjer desse kostnadene vel 445 000 kroner meir enn det aksjonen hadde på konto då dei gjekk i gong med saka.

Vurderer anke

Advokaten til Sjukehusaksjonen, Gerd Aaland Fagerli, seier Sjukehusaksjonen sjølvsagt er skuffa over avgjerda i retten.

– Dei er uroa for framtida i Nordfjord. Kjennelsen reiser også nokre prinsipielle spørsmål sidan det er sagt at ein skade må ha skjedd før det går an å få prøvd det rettsleg.

No skal ho lese avgjerda grundig og vurdere ein eventuell anke.

– Det er ein ankefrist på ein månad, og no er det vel ikkje realistisk å få ei avgjerd før 16. desember. Vi må nok bruke tida framover til å sjå kva vi skal gjere vidare, seier ho.

Motparten ikkje overraska

Helse Førde sin advokat, Trond Hatland, meiner tingretten har gjort ei grundig og god avgjerd.

– Vi har fått medhald i det som er standpunkta til Helse Førde i denne saka. Helseføretaket har følgt lovverket og dei prinsippa som ligg for styring av føretaket. Det spesielle er at sjukehusaksjonen har valt å gå rettens veg for å prøve å stoppe ei strukturering innan helsevesenet som er gjort ut frå saklege og gode grunnar.

Advokaten er ikkje overraska over kjennelsen i dag.

– Nei, dette er i tråd med argumentasjonen som Helse Førde har hatt heile tida.