Under to døgn etter at eit tysk foreldrepar blei drepne då Nigardsbreen kalva, har NRK i dag med sjølvsyn sett at svært mange turistar ikkje har nokon form for respekt for sperringane som er sett opp.
Ved Briksdalsbreen i Stryn kommune, ein annan av dei populære utfartsområda ved Jostedalsbreen, var fleire titals turistar innom sperringane då NRK kom til staden. Mellom dei ei kvinne og ei ung jente, som i raske klyv klatra opp berga nedan for iskanten.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Dette er veldig farleg
– Det seier seg sjølv at dette er veldig farleg. Vi har hatt eit tilfelle her på Briksdalsbreen for nokre år tilbake der det var ein familie som gjekk oppunder breen. Dei hadde fått åtvaring, men gjorde det likevel, fortel dagleg leiar i Oldedalen Skyss AS, Rogeir Haugen.
Men nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen, Maria Collett Knagenhjelm, fortel til NRK at dei har sikra området i Briksdalen betre og meir tydeleg dei siste åra. Mellom anna brukar dei no «festivalgjerder» som sperring, i staden for tau og kjetting.
– Eg tykkjer det er veldig trist at folk ikkje føler meir ansvar for eigen ferdsel. Vi observerer jo at folk stort sett har respekt for dette, men at folk i nokon tilfelle kryssar sperringar. Sjølv med åtvaringar og informasjon, så har ikkje folk den respekten for naturen som dei kanskje bør ha, seier Knagenhjelm til NRK.
Føler at gjerda har effekt
Dei føler at desse gjerda har hatt ein positiv effekt på at færre kryssar sperringane, men at det er vanskeleg å heilt sperre ut folk som trass alt ferdast på eige ansvar.
– Men likevel opplever vi gang på gang at folk klatrar over desse nye gjerda og går fram til breen. Vi har vurdert om det er tilstrekkeleg. Men det er så langt vi på noverande tidspunkt har strekt oss.
– Men har dei som jobbar ved breane eit ansvar for å sørge for at turistane ikkje bryt sperringane?
– Formidlinga av kor farleg naturen kan vere, er eit ansvar som ikkje berre ligg på guidar og andre tilsette i turistnæringa. Vi har alle eit ansvar for kvarandre.
Gjekk opp fjellsida
I Briksdalen er turistsesongen på hell. Men stadig nye laster med turistar tek seg opp til området, og då NRK var der i dag var det mange som kryssa sperringane.
– Dei meiner at det ikkje er nokon fare med å gjere det. Men når eg fortel om den stygge ulukka, så forstår dei at dette ikkje er bra i det heile teke. I stad så såg eg to personar som gjekk oppover den glatte bergsida, og hadde det losna is så hadde dei blitt tekne, seier NRK-reporter Bård Siem som var ved Briksdalsbreen tysdag ettermiddag.
Jagar folk vekk dagleg
For dagleg leiar Rogeir Haugen i Oldedalen Skyss AS er det eit dagleg dilemma at så mange av dei han og kollegen fraktar opp dalen ikkje gjer som dei bør gjere når dei kjem fram til breen.
– Våre aktivitetsguidar jagar vekk folk dagleg, men vi har ikkje noko vakthald. Men det seier seg sjølv at det er livsfarleg å forsere sperringane. Ein burde jo håpe at folk har såpass gangsyn at dei faktisk respekterer sperringane, slår Haugen fast.