Hopp til innhold

Turist fekk isblokk over seg

Ein tysk turist ligg alvorleg skadd på Haukeland sjukehus etter å ha fått ei isblokk over seg ved Briksdalsbreen i Stryn.

Briksdalsbreen

Briksdalsbreen i Olden. Breen har trekt seg ein del tilbake etter at bilete vart tatt.

Foto: Oddvar Rune Seljen

Turisten skal ha stått kloss inntil breen då han fekk isblokka over seg torsdag.

Hos Haukeland universitetssjukehus får NRK fredag kveld opplyst at tilstanden til mannen som er i 40-åra, er kritisk. Han får intensiv behandling.

Ingen vitne

Ifølgje Fjordingen si nettugåve hadde turisten hadde gått forbi sperringa som markerer tryggleikssona.

Lensmann i Stryn, Inger Lill Lanes, opplyser til avisa at mannen var saman med eit følgje frå eit cruiseskip i Geiranger.

Det skal ikkje ha vore vitne til hendinga og mannen vart funnen av ein annan turist som ringde naudtelefonen.

Luftambulanse

Den skadde vart frakta til Haukeland i Bergen med luftambulanse og er operert for skader i hovud- og brystregionen.

Politiet har sett opp sperreband framfor Briksdalsbreen for å åtvare folk mot å ta seg fram til breen.

Meir permanente tiltak vil ifølgje Fjordingen bli vurderte.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.