– Å stå framme ved brekanten er russisk rulett

– Det er ingenting spesielt ved isskredfaren ved breane akkurat no, seier breførarar og fagfolk i Jostedalen etter den tragiske ulukka der to personar miste livet på søndag. Dei meiner for mange ikkje tek innover seg at breane alltid er i bevegelse framover, og at brefrontar alltid er eit risikoområde.

Bjørnar Bjørhusdal

RASAR HEILE TIDA: Isen rasar i eitt sett framme på Nigardsbreen. – Ein kan få inntrykk av at det er ein ekstraordinær situasjon, det er det ikkje, seier breførar Bjørnar Bjørhusdal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Når turistane samlar seg framfor bua til Jostedalen breførarlag for å få delt ut økser, hjelmar og stegjarn før den guida turen opp på Nigardsbreen, verkar alt normalt for dei. For dei er her for fyrste gong.

Franske Francois Flouquet og kameraten hans vert svært overraska då dei får høyre om tragedien som utspelte seg ved brekanten på søndag. Då gjekk nemleg eit tysk foreldrepar forbi sperreband og åtvaringsskilt og vart tekne av eit isras. Dei to borna deira stod att.

Breførar Bjørnar Bjørhusdal er ikkje overraska over at dei franske turistane ikkje veit. Han er heller ikkje overraska over at så få forstår breen sitt vesen og dynamikk. Til det har han sett for mykje opp gjennom åra.

– Det blir ofte slik at visst det skjer ulukker ute, om det er snøskred, steinsprang eller isras som i dette tilfelle, så kan ein bli skuffa over den generelle kunnskapen vi har om naturen, seier Bjørhusdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sperring ved Nigardsbreen

SKUFFA: Breførar Bjørhusdal er skuffa over kunnskapen om naturen. Glasiolog Even Loe seier det slik: Isbrear ligg i ein nedoverbakke, og er glatt under. Tyndekrafta gjer resten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Isen rasar i eitt sett

For i Jostedalen ristar dei litt på hovudet når media melder at det er fare for at det fleire brear kan kalva på Vestlandet. Sjølvsagt kalvar dei. Det er det brefrontane gjer.

– Her framme på Nigardsbreen rasar isen i eitt sett. Spesielt i sommarsesongen, i den sokalla smeltesesongen frå mai til september. Men dei gjer det også om vinteren, seier Bjørhusdal.

Ein kan jo få inntrykk av at det er ein slags ekstraordinær situasjon akkurat no?

– Det kan ein. Og det er det ikkje, seier breføraren kontant.

Kva er ein bre?

Even Loe

RUSSISK RULETT: Dei som står inntil brefronten, og spesielt breporten, leikar med livet, meiner glasiolog Even Loe.

Foto: Arve Uglum / NRK

Glasiolog Even Loe har følgt dramaet heimanfrå, berre nokre kilometer frå Nigardsbreen. Han seier det heile berre er trist.

– Når det i tillegg var ungar involvert, er det berre forferdeleg. Turistar er på ein måte ein flokk, heilt til det skjer ting som dette. Då er det individ som har hatt uflaks. Men dessverre er det litt vanskeleg sjå for seg korleis det kunne ha vore unngått, seier Loe.

For det er mange som trassar åtvaringane. Loe trur det er fordi dei ikkje forstår at breen ikkje er eit fjell, men snarare ei elv av is som alltid pressar seg nedover, og gjer brekanten til ein ustabil og utrygg plass.

Enklast sett kan breen sin natur forklarast med tyngdekrafta, fortel Loe.

– Eigentleg er det veldig enkelt: Isen ligg i nedoverbakke. Den er glatt oppå, men den er glatt under også, og tyngdekrafta trekkjer alt nedover.

Det kan også forklarast vanskelegare. På fagspråket heiter det plastisk is eller elastisk is.

– Djupt nede i isen er trykket så stort at is ikkje oppfører seg som stive isbitar lenger. Den endrar form, og glir nedover som ein brøddeig eller eit eller anna mjukt, som vil bevege seg nedover med tyngdekrafta, seier Loe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasulukka ved Nigardsbreen.

LIKE FØR: Dette biletet er teke berre fem minutt før raset gjekk. I den raude ringen ser ein turistar heilt framme ved breen.

Foto: Erik Bloemink

Kvifor kalvar breen?

Isen som har vore med på reisa heilt fram til fronten av breen ligg der og skal smelte og renne vidare ned til fjorden. Det skjer med mesteparten av isen der framme. Brefronten smelter bakover i løpet av sommaren

– Men akkurat rundt det vi kallar breporten, der breelva kjem ut og har laga ein tunnel, kviler ikkje breen på fjellet. Det er ein ustabil situasjon. Den isen dett før eller sidan, det er ikkje noko spørsmål ein gong. Folk som veit det stiller seg ikkje der, seier glasiologen.

Mange får sitt første møte med ein isbre i Noreg. Store hordar med turistar kjem for akkurat denne attraksjonen

– Når dei ser noko for fyrste gong, har dei vel litt avgrensa moglegheiter for å forstå kva dei eigentleg ser, seier Loe.

For det turistane ikkje ser, ifølgje glasiologen, er at isbreen er ein svær isklump som er i bevegelse: ein dynamisk plass.

– Dersom du er der mange gonger skjønar du at det forandrar seg frå gong til gong. Men dersom du er der for fyrste gong tenkjer du at her ser det slik ut, og her kan eg gå bort og klappe på isen, seier han.

– Det måtte skje før eller sidan

Og det er ein leik med livet, ifølgje Even Loe.

– Å stå der er eigentleg russisk rulett, utan at du veit kor mange kuler som er i spel.

Difor er han ikkje overraska over den tragiske hendinga, nesten 30 år etter sist ulukke.

– Eg reagerer på ulukka slik som mange breførarar som har uttalt seg: Det måtte skje før eller sidan.

Dersom Francios Flouquet og resten av turistane følgjer guiden sin kjem dei opp på breen – utan å nærma seg den avsperra delen av brekanten.

For brekanten er ifølgje ekspertane like livsfarleg i dag som den pleier å vera.