– Når bilar kjem både opp og ned får dei problem med å passera kvarandre. Folk må rygga, og ikkje alle er like flinke til det, fortel Anton Langeland, teknisk sjef i Odda kommune.
Skjeggedalsvegen er den einaste vegen ein kan ta seg opp til parkeringsplassen der stien til Trolltunga startar. Den fire kilometer lange vegen er smal.
– Me har hatt situasjonar der folk har køyrd seg fast i vegkanten og liknande.
- Les også:
PRØVEORDNING: Lysreguleringa skal plasserast på vegen mellom Tyssohallen og Skjeggedalen som ei prøveordning, slik at bilane køyrer i èin retning om gongen.
Foto: GooglePå måndag set Odda kommune difor opp lysregulering mellom Tyssohallen og Skjeggedalen, slik at bilane som skal til og frå parkeringsplassen køyrer i éin retning om gongen.
– Etter vår oppfatning trur eg det blir enklare med denne reguleringa. Ein står ikkje i fare for å møta på store bussar eller liknande å veg ned eller opp, seier Langeland.
Lysreguleringa blir sett opp som ei prøveordning.
– Ordninga blir evaluert ganske kjapt. Om den fungerer, blir den varig.
- Les også: