Hopp til innhold

Sentralstyret i Unge Høgre avviser klage

Det omstridde styrevalet i Sogn og Fjordane Unge Høgre blir ståande. Det er klart etter at sentralstyret har avvist klaga.

Nytt styre i Unge Høgre Sogn og Fjordane

GODKJENT: Det omstridde valet av nytt Unge Høgre styre er no godkjent frå sentralt hald. Peter Hollevik frå Florø (i midten på biletet) blei vald til ny leiar sist helg. Med seg i styret fekk han (f.v.) Bendik Hovland Liseth, Vilde Tøfte Øvstetun, Asbjørn Øyra Sæterskar og Pernille Hjelmeland.

Foto: Unge Høgre

Sju medlemmar i Sogn og Fjordane Unge Høgre meinte at valet av Peter Hollevik som ny leiar i ungdomspartiet ikkje var lovleg. Dei klaga det omstridde valet inn for sentralstyret, som no har avvist klaga. Det melder Firdaposten.

Under generalforsamlinga tidlegare i februar vart fire av fem styremedlemmar, også leiarduoen Amanda Solvåg og Mirijam Wehbe, kasta. Dette er mellom anna bakgrunnen for klaga som hamna på sentralstyret sitt bord. Solvåg og Wehbe sende saman med fem andre inn klaga, der dei også skulda sentralstyret for "utilbørlig innblanding".

I vedtaket sentralstyret no har fatta klargjer dei at både generalsekretær Erlend Svardal Bøe og observatøren som var til stades på møtet, kom med råd og korreksjonar under sjølve årsmøtet, men at dette var nødvendig då det ikkje låg føre ein klar forretningsorden eller reglar for gjennomføring for mellom annan valtaler.

«Sentralstyret i Unge Høyres Landsforbund avviser påstandene om at det er laget noen plan fra sentralstyrets side for å påvirke valget under generalforsamlingen i Sogn og Fjordane unge Høgre.(...) Sentralstyret anser generalforsamlingen i Sogn og Fjordane Unge Høgre som lovlig avholdt og at valgene som er foretatt er gyldige. Sentralstyret tar ikke klaga til følge og generalforsamlingen er lovlig gjennomført