Hopp til innhold

«Dei siste dagane har eg tenkt mykje på kva eg eigentleg var vitne til»

Valet av Peter Hollevik som ny fylkesleiar i Unge Høgre er ulovleg, meiner sju partimedlemmer, som har klaga omstridd fylkesårsmøte inn for sentralstyret.

Lise-May Sæle

KJENNER SEG IKKJE ATT I PARTIET SITT: Tidlegare fylkesleiar Lise-May Sæle meiner det skjedde fleire lovbrot og ugyldige innblandingar på generalforsamlinga i Sogn og Fjordane Unge Høgre sist helg: – Leiarkonflikten i moderpartiet påverka alle vala, seier Sæle.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det som skjedde strir sterkt mot prinsippa og verdiane mine. Og det er noko eg absolutt ikkje kan kjenna meg att i i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Tidlegare fylkesleiar Lise-May Sæle er opprørt over det ho meiner var fleire lovbrot og ugyldige innblandingar på generalforsamlinga, som er fylkesårsmøtet i Unge Høgre, sist helg.

Under generalforsamling skjedde eit kupp, der fire av fem styremedlemmer, inkludert leiarduoen Amanda Solvåg og Mirijam Wehbe, blei kasta.

Sæle, Solvåg, Wehbe og fire andre partimedlemmer har klaga generalforsamlinga inn for sentralstyret i Unge Høgre. Dei er mellom anna sterkt kritiske til leiarvalet.

– Innblanding undergrov møteleiar

I klagen skriv dei at sentralstyremedlem Petter Haraldsen Haugland, som var gjest og observatør på generalforsamlinga, greip inn og kravde at det skulle vera mogleg å koma med benkeforslag sjølv om møteleiaren hadde sett sluttstrek for nominasjonane.

Nytt styre i Unge Høgre Sogn og Fjordane

DET NYE STYRET: Peter Hollevik frå Florø (i midten på biletet) blei vald til ny leiar sist helg. Med seg i styret fekk han (f.v.) Bendik Hovland Liseth, Vilde Tøfte Øvstetun, Asbjørn Øyra Sæterskar og Pernille Hjelmeland.

Foto: Unge Høgre

Dermed kunne Peter Hollevik i tolvte timen lanserast som motkandidat til sitjande leiar Amanda Solvåg.

– Det førte til at det blei eit leiarval mellom Hollevik og Solvåg, og då me kom til avrøystinga, har ein medlem av teljekopset fortald oss at Hollevik ikkje hadde det fleirtalet som skulle til for å bli vald, seier Sæle, som var leiar for valnemnda til generalforsamlinga.

– Hollevik mangla éi stemme

NRK har snakka med Nadia Wehbe, som var med i teljekorpset. Ho stadfestar at Hollevik i leiarvalet fekk 11 røyster. Solvåg fekk 10, medan éi stemme var blank. Dermed fekk ikkje Hollevik såkalla absolutt fleirtal, noko lovene til Unge Høgre seier at ein fylkesleiar må veljast med.

For å få absolutt fleirtal måtte Hollevik ha fått ei røyst til.

Sentralstyremedlem Haugland leia oppteljinga, men sjølv om Hollevik ikkje hadde det naudsynte absolutte fleirtalet, valde Haugland å ikkje opplysa stemmetala til generalforsamlinga. Det gjorde at generalforsamlinga ikkje kunne kontrollera at resultatet stemte, hevdar klagarane.

Amanda Solvåg

BLEI KASTA: Tidlegare fylkesleiar i Unge Høgre, Amanda Solvåg

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det betyr av valet er ugyldig, fordi det ikkje oppfyller kravet om absolutt fleirtal som står på normallovene til Unge Høgre, seier Sæle.

– Var nøgd med Hollevik som ny leiar

Nadia Wehbe i teljekorpset, som òg har skrive under klagen, ønskjer ikkje å stilla i intervju, men til NRK stadfestar ho Sæle si framstilling.

Wehbe seier vidare at Haugland fleire gonger i løpet av oppteljinga skal ha gitt tydeleg uttrykk for å vera nøgd med at Hollevik - og ikkje Solvåg - vann leiarvalet.

Haugland ønskjer ikkje å kommentera påstandane om ugyldig innblanding og kritikkverdig stemmeoppteljing, men viser til generalsekretær i Unge Høgre, Erlend Svardal Bøe.

Haugland har òg fått tilbod om å kommentera observasjonane til Wehbe, men han har ikkje svara på den førespurnaden.

– Eg ønskjer ikkje å kommentera innhaldet i klagen no, men det som går på lover og reglar for organisasjonen er noko av det klagehandsaminga må ta stilling til. Men her må ein skilja mellom landsforbundet Unge Høgre sine lover og dei lovene som kvar einskild fylkesforeining har, seier Erlend Svardal Bøe.

Erlend Svardal Bøe

SKULDA FOR INNBLANDING: Generalsekretær Erlend Svardal Bøe i Unge Høgre vil ikkje seia om han blir inhabil i klagehandsaminga.

Foto: Privat

Sæle meiner det ikkje er tvil om at ungdomspartiet sine lover òg gjaldt på generalforsamlinga.

– Inhabile

I klagen er det fleire kritiske merknader konkret retta mot generalsekretær Svardal Bøe. Mellom anna skal sentralstyremedlem Haugland har ringt Svardal Bøe for å konferera under oppteljinga av leiarvalet.

Klagarane meiner difor at både Haugland og Svardal Bøe er inhabile når sentralstyret skal handsama klagen. Svardal Bøe kommenter det kravet slik:

– Det har me ikkje teke stilling til enno, men generelt skal ein generalsekretær vera på plass for alle medlemmer i Unge Høgre som treng råd eller som har spørsmål.

– Men er det ikkje unaturleg å vera med i klagehandsaminga når du og Haugland er involverte i klagen?

– Det har me ikkje teke stilling til enno.

– Plan om å kasta fylkesleiaren

I klagen krev Sæle og dei seks andre at heller ikkje Unge Høgre-leiar Kristian T. Riise skal vera til stades under klagehandsaminga. Dei grunngjev dette på følgjande måte:

«Det er blitt opplyst i etterkant av generalforsamlinga av ein av dei som kom på generalforsamlinga med mål om å kasta fylkesleiaren at han personleg hadde vore i kontakt med Unge Høgre-leiar Kristian T. Riise og at han meiner å ha fått godkjenning av Riise til å gjennomføre ein plan om å kasta fylkesleiaren.»

Kristian Tonning Riise

SKULDA FOR Å VELSIGNA KUPP: Leiar i Unge Høgre, Kristian T. Riise

Riise har fått tilbod om å kommentera dette, men det ønskjer han ikkje og viser til svara frå generalsekretær Svardal Bøe.

– Kor god dokumentasjon har de eigentleg på dei skuldingane de set fram mot Riise, Sæle?

– Dette er folk me stolar på som har fortald oss dette i fortviling, så dette må me ta på alvor.

Solvåg/Myrvollen-konflikten

Det dramatiske leiarskiftet i Sogn og Fjordane Unge Høgre sist helg skjedde berre veker etter at den spissa konflikten mellom tidlegare fylkesleiar Amanda Solvåg og fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen blei kjent.

Solvåg hevda at ho er blitt mobba av Myrvollen. Myrvollen er usamd og har ei heilt anna oppfatning av dei påståtte tilhøva, men har orsaka to ting han har sagt til Solvåg.

Måndag konkluderte arbeidsutvalet i Høgre at det ikkje har gått føre seg mobbing, men at Myrvollen sine to nemnde uttaler ikkje er akseptable i partiet.

I klagen blir Myrvollen skulda for å ha drive «ulovleg påverknad» i framkant av generalforsamlinga. Klagarane viser til ein medlem i Sunnfjord Unge Høgre som skal ha sagt at ho blei tvinga av Myrvollen og mor si til å koma på generalforsamlinga.

Ingvar T. Myrvollen og Amanda Solvåg (montasje)

PERSONKONFLIKT: Fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen og tidlegare fylkesleiar i Unge Høgre, Amanda Solvåg

Foto: NRK/privat

Myrvollen avviser skuldingane

– I tillegg har Myrvollen med sine støttespelarar i Unge Høgre delt ut eit sensitivt brev som set Solvåg i eit dårleg lys for å kunna påverka leiarvalet, seier Sæle.

NRK har presentert dei to påstandane for Myrvollen, men han ønskjer ikkje å stilla til intervju. I ei tekstmelding skriv han dette:

«Eg avviser påstanden om at eg skal ha utøvd påverknad på generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Unge Høgre. Korkje med tanke på kven som møtte som delegatar, eller gjennom distribusjon av brev frå/om meg.»

Midt i leiarstriden

Generalforsamlinga sist helg blei òg ein arena for den pågåande leiarstriden i moderpartiet - mellom dei to leiarkandidatane Vidar Grønnevik og Noralv Distad.

Generalforsamlinga vedtok mellom anna å binda fylkesleiar Hollevik til å røysta på Distad på årsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre siste helga i februar.

Unge Høgre kan stilla med mange delegat på dette fylkesårsmøtet, og ungdomspartiet er difor viktig å ha med på laget.

– Leiarkonflikten har kome rett inn på generalforsamlinga og påverka alle vala, seier Sæle.

NRK har vore i kontakt med den nyvalde leiaren i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Peter Hollevik. Han og resten av styret meiner valet i helga er gyldig og viser elles til at Unge Høgre sentralt skal vurdera klagen.

«Eg er sjokka»

Allereie tysdag uttalte generalsekretær Svardal Bøe at generalforsamlinga var korrekt gjennomført, men det var altså før han fekk ein klage på bordet, frå Lise-May Sæle, Amanda Solvåg og fem andre partifeller.

– Det tykkjer eg er forferdeleg trist, og eg er sjokka. Dei siste dagane har eg tenkt mykje på kva eg eigentleg var vitne til på generalforsamlinga. Det er ikkje slik det skal vera. Spesielt i ein ungdomsorganisasjon må me ha opne prosessar og halda oss etter reglane, seier Sæle.

– Generelt er det viktig å ha ryddige forhold når ein gjennomfører ei generalforsamling. Og viss det er nokon som meiner det ikkje er tilfelle, slik det kjem fram i denne klagen, så er det noko me tek på alvor, seier Svardal Bøe.

Klagarane krev at vala under generalforsamlinga blir kjent ugyldige og at det avsette styret skal setjast inn att til ekstraordinær generalforsamling kan haldast.