Hopp til innhold

Godkjenner årsmøte-kuppet i Unge Høgre

Partileiinga i Unge Høgre kan ikkje sjå at det vart gjort feil under årsmøtet til Sogn og Fjordane Unge Høgre. Fire av fem styremedlemmer, inkludert fylkesleiaren, vart kasta då salen kuppa årsmøtet med benkeforslag.

Unge Høyre på Notodden videregående skole

Unge Høgre sentralt har fått med seg at det oppstod turbulens under årsmøtet til fylkeslaget i Sogn og Fjordane, men finn ikkje at det er gjort graverande feil. ILLUSTRASJONSFOTO.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– Årsmøtet i helga var korrekt gjennomført ut frå dei lover og reglar som er vanleg for eit årsmøte i ei fylkesforeining i Unge Høgre, seier generalsekretær Erlend Svardal Bøe.

Ingen klager

Amanda Solvåg

VART KASTA: Amanda Solvåg frå Selje var av valnemnda innstilt til attval etter eitt år som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Valnemnda si innstilling vart fullstendig sett til side, og det eine styremedlemmen etter det andre vart kasta under helgas årsmøte og generalforsamling.

NRK veit at ein fraksjon jobbar med å få erklært valet, der Peter Hollevik vart vald til ny leiar, ugyldig. Førebels vil ingen la seg intervjue om saka. Etter det NRK kjenner til skal det ha vore ei litt rar og småamper stemning under årsmøtet.

Til no har det ikkje komme klager på årsmøtet. Vala som vart gjort under generalforsamlinga er å rekne som gyldige, seier generalsekretæren til NRK tysdag.

– Dei er gjeldande per no, etter at ein har halde ei generalforsamling og denne har gjort valet om at ein ønskjer å ha det arbeidsutvalet ein har valt, opplyser Bøe.

Kasta kort tid etter mobbesak kom i media

Valskredet på årsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre kom berre veker etter at dåverande fylkesleiar Amanda Solvåg gjekk ut på NRK og hevda seg mobba av fylkessekretæren i moderpartiet. Myrvollen har overfor NRK hatt ei heilt anna oppfatning av dei påståtte tilhøva, men har vedgått at han ved to høve har vore unødvendig krass mot Solvåg, noko han har orsaka.

Ein strid som etter eit oppvaskmøte i Førde måndag vart lagt død. Arbeidsutvalet i Høgre konkluderte med at det ikkje har gått føre seg mobbing, men at det ved eit par høve har falle uakseptable utsegner som ikkje er akseptable i partiet.

Bøe seier han ikkje kan ta stilling til utfallet av årsmøtet.

– Det er årsmøtet og generalforsamlinga som gjer sine val. Då må vi ha respekt for dei demokratiske vala som blir gjort.

Nytt styre i Unge Høgre Sogn og Fjordane

DET NYE STYRET: Peter Hollevik frå Florø (i midten på biletet) er vald til ny leiar. Med seg i styret får han (f.v.) Bendik Hovland Liseth, Vilde Tøfte Øvstetun. Asbjørn Øyra Sæterskar og Pernille Hjelmeland.

Foto: Unge Høgre

Hadde observatør på møtet

Unge Høgre sentralt var under årsmøtet representert av sentralstyremedlem Petter Haraldsen, som er tidlegare leiar i Bergen Høyre. Haraldsen si rolle var å vere observatør.

Ifølgje generalsekretæren såg ikkje utsendinga noko som skulle tilseie at årsmøtevalet ikkje var gyldig.

– Dei tilbakemeldingane eg har fått, er at det var nokre ting som ikkje var heilt etter boka med tanke på gjennomføring. Men ein fekk retta dette opp under sjølve generalforsamlinga.

Vart korrigert under møtet

– Kva var det ein gjorde som ikkje følgde statuttane?

Erlend Svardal Bøe

HAR FÅTT RAPPORT: Generalsekretær Erlend Svardal Bøe er nøgd med tilbakemeldingane frå sentralstyremedlemmen som gjesta årsmøtet i Sogn og Fjordane.

Foto: Mark Ledingham

– Det var mellom anna rammene for val. Ein skal også ha ein klar forretningsorden som skal ligge til grunn når ein skal gå til val. Mellom anna gjeldande valreglar. Korleis valtalar, støttetalar og slike ting skal haldast. Det var eit par slike ting som vart retta opp under fylkesårsmøtet, og som også årsmøtet var samde om vart retta opp.

– Etter det NRK kjenner til skal mange av årsmøtedelegatane tidlegare ikkje ha vore aktive i partiet. Har de sjekka om delegatane var meldt inn innan tidsfristen?

– Vi fekk førespurnad om ei gjeldande liste over betalande medlemmer som har røysterett på generalforsamlinga. Denne vart sendt til arbeidsutvalet i Sogn og Fjordane Unge Høgre ved leiar. Vi forventar at dette er følgt opp, seier Erlend Svardal Bøe.

– Naturleg å sjekke

– Når det har vore ei generalforsamling med litt turbulens, og som også media skriv om, så er det naturleg for oss å sjekke at vi har gått gjennom alle prosedyrar og slike ting som skal gjerast opp mot ei generalforsamling.

– Reknar du med at det vil komme klage på gjennomføringa av valet?

– Nei. Viss det gjer det, så er det noko vi eventuelt må ta stilling til når ein slik protest eller klage skulle komme. Vi følgjer våre retningslinjer og prosedyrar for slike saker.

– Kor mykje trur du striden mellom den no kasta fylkesleiaren, Amanda Solvåg, og fylkessekretæren i Høgre, Ingvar Torsvik Myrvollen, har hatt å seie for utfallet av årsmøtet?

– Min jobb er å vere generalsekretær for heile Unge Høgre. Eg har tidlegare sagt at eg synest situasjonen som har oppstått har vore veldig lei. Eg håpar ein no kjem fram til ei løysing der ein er ferdig med den typen konfliktar og kan fokusere på det vi held på med i politiske organisasjonar. Det er politikkutvikling for heile samfunnet, svarar generalsekretæren i Unge Høgre.