- Vi vil aldri få svaret på om han hadde overlevd. Det er slett ikkje sikkert, seier fylkeslege Petter Øgar, som likevel kritiserer undersøkjinga.
Mannen, som var i 30-åra, vart send til Førde sentralsjukehus med pustevanskar, ein raud og hoven legg og mykje væske i bukhola. Det var umogleg å kommunisere med mannen, og han var så redd at mange undersøkjingar blei gjort medan han var i narkose. Helsepersonellet klarte ikkje å stille ein diagnose, og valde å sende mannen heim med drosje medan dei venta på resultatet av prøvane.
Døydde heime
På veg inn i huset seig han om på trappa, og trass i forsøk på gjenoppliving døydde han. Obduksjonen viste at ein blodpropp i leggen hadde flytta seg til lungene. Foreldra meiner sonen døydde etter feilbehandling, og klaga saka inn til helsetilsynet.
- Det var ikkje direkte feilbehaldning, seier Øgar.
- Det viste seg at denne pasienten hadde to tilstandar. Dei eine tilstanden vart behanda på ein riktig måte, medan den andre ikkje vart oppdaga. Det er det grunn til å kritisere.
Reagerte ikkje
Fylkeslege Petter Øgar meiner blodproppen burde vore oppdaga. (Foto: NRK)
Fylkeslegen seier helsepersonellet skulle ha funne det andre tilfellet, det vil seie blodproppen, og meiner både diagnostikk og behandling var på grensa til det fagleg uforsvarlege:
- Dei burde ha reagert på symptoma han hadde og blodprøvane dei sjølve tok, som tyda på at mannen hadde ein blodpropp. Det burde ha ført til at dei gjorde supplerande undersøkjingar som hadde stilt diagnosen, seier Øgar.