Hopp til innhold

Sensasjonelt funn av 4000 år gammal grav

Arkeologar har gjort «det mest spennande steinalderfunnet i Noreg på meir enn 100 år». Grava er like gammal som pyramidane og kastar ljos over dei første jordbruka i landet.

Utgraving Selje

SENSASJON: Arkeologar har grave ut den gamle hotelltomta i Selje i Vestland. Det gav kjemperesultat.

Foto: Universitetsmuseet, UiB

Arkeologar har funne ei 4000 år gammal grav som kan gje svar på korleis jordbruket kom til Vestlandet.

– Dette er det mest unike steinalderfunnet i Noreg på meir enn 100 år, seier Morten Ramstad ved fornminneseksjonen ved Universitet i Bergen.

Grava er fire meter lang og over to meter brei, og er funnet like sør for Vestkapp i Selje i Vestland.

Langt nede i sanden har grava vore forsegla i fleire tusen år. Då ein kjend snikkarson vart fødd i Betlehem, var grava alt 2000 år gammal.

– Grava er like gammal som pyramidane i Egypt, seier Ramstad.

Skjelettfunn i Selje
Foto: Universitetsmuseet, UiB

Unike beinfunn

Beinmateriale av menneske som er funnet på staden er så godt bevart at forskarane kan få svar på kor gamle dei var, kvar dei kom frå og korleis dei hamna akkurat på Vestlandet.

Såkalla hellekistegraver er tidlegare berre funne i Buskerud, Østfold og i Danmark. Aldri på Vestlandet.

Og grava er sjeldan godt bevart.

– Det som er spesielt er at sand har lagt seg over gravminnet. Vi måtte djupt ned i sanda her før vi fann grava, seier arkeolog og prosjektleiar Trond Eilev Linge.

Kan gje svar på jordbruksgåte

Jordbruket kom til Noreg rundt 3950 f.kr, då Skandinavias første jordbrukskultur blei etablert i området rundt Oslofjorden.

Men når den same kulturen kom til Vestlandet har vore ei gåte. No er gåta litt mindre.

– Dette gjer det mogleg for oss å få heilt ny innsikt i den tidlege jordbruksfasen, seier Linge.

Jordbruket i steinalderen i Europa.

Så langt har det vore ukjent korleis jordbruket kom til Vestlandet. Funnet i Selje kan gje svar.

Foto: Grafikk / norgeshistorie.no