På ei gammal branntomt grev arkeologar fram teikn frå tidlegare tider.

Nye gamle spor i sanden

Funn frå stein-, bronse-, jarn- og mellomalder. Det er det arkeologane ser etter på Seljesanden i Nordfjord.

Der dei grev, stod tidlegare dette hotellet.

Ei novembernatt i 2016 brann hotellet ned.

Hotelldirektøren og styreleiaren blei seinare dømde for å ha starta brannen.

Då eit nytt hotell skulle byggast, vart det stilt krav om ei arkeologisk utgraving.

Derfor er utgravingsleiar Yvonne Dahl og feltarkeolog Vilde Torp Råbu i Selje.

Her i havgapet har folk budd i tusenar av år.

«Vi har ikkje hatt så mange gravingar her på ytrekysten. Vi er spente på å prøve få eit bilete av aktiviteten her, frå steinalder til mellomalder. »

Yvonne Dahl, utgravingsleiar

Gravrøysa, truleg frå eldre bronsealder, er eitt av dei viktigaste funna dei har gjort.

Svanehalsnåla frå tidleg jernalder var brukt på ei klesdrakt for 2000 til 2500 år sidan.

«Det eg synest er artig, er at dei tidlegaste jernfunna byrjar med ei lita jernstong. Det forfengelege har vore det første, der også. »

prosjektleiar Trond Linge

Nokre funn gjer særleg inntrykk. I handa held feltarkeolog Vilde Torp Råbu det som etter alt å døme er restar av menneskebein.

«Det er jo ein person som har levd for veldig mange år sidan. Det er kjemperart.»

feltarkeolog Vilde Torp Råbu

Arbeidet starta i april, og skal vare nokre veker ut i september.

Når utgravinga er ferdig, kan utbyggjarane gå vidare med hotellplanane.

Men før den tid, kan det dukke opp nye, gamle spor i sanden.