Hopp til innhold

Sendte riksalarm under Lærdalsbrannen

Det blei sendt riksalarm under storbrannen i Lærdal førre helg for å skaffe nok politifolk raskt til staden.

Kripos i Lærdal

ETTERFORSKAR BRANNEN: Kripos blei tilkalla for undersøkje branntomtene. Det kan gå lang tid før etterforskinga er ferdig.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Brannen i Lærdal spreidde seg fort på grunn av kraftig vind. Gneistar og brennande gjenstandar flaug gjennom lufta. 40 bygningar brann ned til grunnen og mange mista heimen sin og alt dei eigde.

Fleire lokale politipatruljar blei tilkalla. Men politiet såg det var behov for meir folk til staden, samstundes som arbeidet med å evakuere befolkninga starta.

Det blei difor sendt ut riksalarm gjennom politiets alarm- og varslingssystem (PAV). Dette førte til at politiet i Sogn og Fjordane blei forsterka med ressursar frå nabodistrikta.

– Det kom tre patruljar frå Nordre Buskerud politidistrikt, sju frå Hordaland, to frå Vest-Oppland og UP sendte fleire patruljar, opplyser politiet.

Tilkalla nabopatruljer

Brann i Lærdal

STORBRANN: Brannen spreidde seg raskt og det var behov for store styrker for å hjelpe til med sløkking og evakuering.

Foto: Øystein Venås Sørensen

Første melding til politiet på telefonnummer 112 kom klokka 22.54 laurdag kveld. Den første politimannen på staden var ein tenestemann som bur i Lærdal. Han var på plass klokka 23.13.

Ti minutt seinare var første ordinære patrulje på plass. Denne patruljen kom frå Årdal. Ytterlegare fire patruljar frå Sogn og Fjordane blei tilkalla, slik at politiet hadde åtte tenestepersonar på plass innan ein time.

Åtte personar leia innsatsen frå Florø

Operasjonssentralen i Florø blei oppbemanna i løpet av natta slik at det etter kvart blei åtte personar der som lei innsatsen til politiet. I tillegg til politiet og brannvesen, var det store styrker frå andre etatar på plass: Forsvaret/HV med 41, Sivilforsvaret med 30 og Røde Kors med 25 personar.

Etterforsking vil ta lang tid

Politiet i Sogn og Fjordane får hjelp av Kripos i etterforskinga etter brannen. Brannen starta truleg i eit hus i Kyrkjeteigen. Politiet er i gang med ei rekkje avhøyr av folk som var i bygda den natta. Dei ber folk notere ned viktige opplysningar som tidspunkt og anna, i tilfelle politiet tek kontakt.

– Politiet har sett store ressursar på brannen i Lærdal. Etterforskinga etter brannen vil truleg halde fram i fleire veker, opplyser politiet.