Hopp til innhold

Dronninga: – Såg ut som ei krigssone

Møtet med dei råka familiane og ei bygd der store delar var lagt aude av brann, gjorde sterkt inntrykk på Kongen og Dronninga. – Det ser ut som ei krigssone som folk seier, sa Dronning Sonja til pressa etterpå.

Lærdal

MØTTE FOLKET: Kongeparet tok seg tid til å snakke med fleire av innbyggjarane som var råka av storbrannen i Lærdal.

Kong Harald og Dronning Sonja har torsdag fått omvising i den brannråka kommunen. Der har dei fått ta brannruinar i nærare augesyn, og møtt familiar som står att utan noko.

Då Kongen skulle oppsummere besøket la han ikkje skjul på at han sat att med mange sterke inntrykk.

– Vi får vere takksame for at det ikkje gjekk menneskeliv med når vi ser kor dramatisk det må ha vore den natta, sa Kong Harald til dei mange i pressa.

– Det andre som slår meg er korleis dei forskjellige etatane og vanlege folk har samarbeidd om å løyse dei utfordringane som oppstod. Dei fekk det beste ut av det, og det er vel ein av grunnane til at det ikkje gjekk menneskeliv. Det er imponerande å høyre om samhaldet som var og framleis er her i Lærdal, sa Kongen.

– Ei stor katastrofe

Kongen har sjølv eit nært forhold til Lærdal der han i ei årrekkje har vore fast gjest med fiskestand. Kongen er ein lidenskapleg laksefiskar og har omtalt Lærdalselvi som si andre dronning.

Både Kongen og Dronninga gav uttrykk for at dei er svært glade i Lærdal og den frodige dalen. Synet av dei mange branntomtene var det som gjorde sterkast inntrykk på Dronning Sonja.

– Det ser ut som ei krigssone som folk seier, sa ei tydeleg prega Dronning.

Allereie då Kongen såg bileta frå Lærdal på søndag forstod han at noko forferdeleg hadde skjedd.

– Eg skjønte at det var ei stor katastrofe som hadde skjedd, men samtidig var det hell i uhell at ikkje heile øyri gjekk med, sa Kongen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Imponert over pågangsmotet

Kongen og Dronninga skrytte av alle som hadde bidrege til at brannen til slutt vart sløkt. I løpet av dagen har dei fått høyre historiene om korleis folk hjelpte til med alt dei måtte ha, bønder med gyllevogner og folk i nabolaget med slangar og raker.

Også det nære og gode samarbeidet på tvers av kommunegrensene vart trekt fram av Dronning Sonja.

– Det er imponerande kva lokalbefolkninga har klart å utrette. Gode naboskap og det at ein kjenner kvarandre betyr mykje i eit lite miljø, sa Dronninga.

– Eg er imponert over dei som er råka. Dei viser pågangsmot og vilje til å stå på for å få dette til igjen. Dei ser framover og vil få til det beste, som igjen understreka at ein må vere takksame for at det ikkje gjekk liv tapt.

– Vi må ta til oss rosen

Kongeparet var fulle av lovord om innsatsen til både naudetatar, andre organisasjonar og frivillige. Brannsjef Gaute Johnsgaard seier det er viktig for dei involverte å ta til seg rosen dei får.

– Kongen har vore i Lærdal på både uoffisielle og offisielle besøk, og har heilt sikkert kjensler for bygda. Det å oppleve dette er sikkert sterkt for han også, seier brannsjefen og held fram.

– Kongeparet har gitt oss ros, og den rosen må vi ta til oss. Det gjeld ikkje berre for oss i brannvesenet, men for alle som gjorde ein jobb. Vi gjorde ein god jobb alle og klarte å sløkkje brannen. Den rosen vi får må vi ta til oss, seier Johnsgaard.

Brannen i Lærdal er den største sidan krigen, og til saman gjekk 40 bygg tapt. Av dei er det tre verneverdige bygg og 17 bustadhus. Mange i Lærdal har mista alt dei har, og for alle gjeld det same. Det vil gå lenge før kvardagen blir den same igjen.

– Kongens besøk betyr at heile Norge ser oss, og det at han er her for å trøyste oss.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kongeparet branntomt

PÅ BRANNTOMTA: Kongeparet fekk sjå branntomtene på nært hald.

Alvorstyngd kongepar

Det var eit bevega kongepar som torsdag kom til Lærdal. Kongen og Dronninga kom luftvegen og fekk eit glimt av brannens øydeleggingar frå lufta.

Etter at dei landa med helikopter nede på Øyri i 11.30-tida gjekk turen først vidare til Villakssenteret, der ordførar Jan Geir Solheim fortalde kor mykje besøket betydde for innbyggjarane og kommunen.

– Vi set ekstra stor pris på at kongeparet kjem til Lærdal i dag. De kjem til å få sjå kor hardt brannen har råka samfunnet vårt, og de skal få møte menneske som har mista alt.

– De skal også få møte dei menneska som gjorde skilnaden mellom liv og død, sa Solheim mot kongen og dronninga som begge vart tydeleg bevega.

Kongeparet vart møtt av eit stort presseoppbud etter besøket i Lærdal

STERKE INNTRYKK: Kongeparet fortalde om sterke inntrykk etter at dei hadde vore rundt i brannruinane i Lærdal. Etter besøket vart dei møtt av eit stort presseoppbod.

Foto: Jan Christian Jerving