Hopp til innhold

Sender kraftig svar til ministeren

Kommunestyret i Vågsøy er i harnisk over brevet frå helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen.

Geir Oldeide

I HARNISK: Geir Oldeide og resten av kommunestyret i Vågsøy er i harnisk over svarbrevet dei fekk frå helse- og omsorgsministeren.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Som svar krev politikarane i Vågsøy at ministeren trekkjer brevet der dei meiner Strøm-Erichsen velsignar ei nedlegging av sjukehuset på Nordfjordeid.

Nils Myklebust

PROVOSERT: Nils Myklebust

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Medan ordførar Roger B Silden valde å melde seg ut av Arbeidepartiet i protest, meiner eit samla kommunestyre at brevet er provoserande og trakkasserande.

- Det er fordi det var sendt same dag som det reiste busslast til Oslo, og samstundes som det samla seg mellom 3 000 og 4 000 menneske i fakkeltog for å demonstrere for dette sjukehuset som betyr så alvorleg mykje for vårt distrikt, seier kommunestyrerepresentant for Senterpartiet, Nils Myklebust.

- Misforståelse

Politisk rådgjevar for statsråden, Tord Dale, avviser at departementet har bestemt seg for å leggje ned føde- og ortopeditilbodet ved sjukehuset. Han meiner politikarane i Vågsøy har misforstått brevet frå helseministeren

- Det som kjem fram av brevet er at det er veldig viktig å ha tilbod til medisinske pasientar. Det utgjer 70 prosent av alle pasient som blir lagt inn ved sjukehusa. At dei får god og rask hjelp der dei bur er viktig, seier han.