Hopp til innhold

Er dette nedleging av sjukehusa?

Sjukehusa i Lærdal og Eid skal i framtida ha eit indremedisinsk tilbod som skal ta seg av pasientar med kroniske sjukdomar og ved akutt forverring av sjukdomen.

Brev frå Anne-Grethe Strøm-Erichsen

VELSIGNAR NEDLEGGING? Brev frå helse- og omsorsgminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen får nordfjordingane til å reagere.

Foto: Fotomontasje

Det skriv statsråd Anne-Grethe Strøm-Erichsen i eit brev til Vågsøy kommune.

Helseministeren skriv vidare at ho har klare forventingar til at Helse Vest fangar opp dei politiske signala som er gjevne om lokalsjukehuset generelt og Helse Førde spesielt - og at dette har styrt Helse Vest sine vedtak.

Nordfjord Sjukehus

NEDLAGT? Nordfjord sjukehus er under sterkt press.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ordførar Roger B. Silden viser til dette brevet når han resignerer ovanfor si eiga regjering og melder seg ut av Arbeidarpartiet i protest . Han tolkar brevet som ei nedlegging av Nordfjord sjukehus.

- Slik eg tolkar det brevet, støttar Helse- og sosialministeren det Helse Vest har gjort. Det kan eg ikkje leve med som Arbeidarpartimann, seier han.

Brevet kjem som svar på spørsmål frå Vågsøy kommune om å la ei ideell stifting ta over drifta av sjukehuset på Nordfjordeid. Dei viste til gåvebrevet frå engelskmannen William Singer som i si tid betalte for sjukehuset.

I gåvebrevet står det at ideelle organisasjonar skal få sjukehuset dersom det offentlege legg det ned.

Statsråden avviser problemstillinga ved igjen å slå fast at sjukehuset ikkje skal leggast ned, men få andre oppgåver retta mot dei store pasientgruppene av eldre menneske og pasientar med kroniske sjukdomar og livstilssjukdomar.