Hopp til innhold

Selde fisk medan fylket låg i mørke

Medan meir eller mindre heile Sogn og Fjordane låg mørklagt etter «Dagmar» sine herjingar selde fiskebedrifta Coast Seafood i Måløy laks som vanleg. Dei har nemleg lagt pengar i alternativ kommunikasjon.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn

MØRKT: Det vart mørkt i store deler av fylket etter at uvêret herja i Sogn og Fjordane. Men enkelte hadde budd seg langt betre på den ekstreme situasjonen.

Medan meir eller mindre heile Sogn og Fjordane låg mørklagt etter Dagmar sine herjingar selde fiskebedrifta Coast Seafood i Måløy laks som vanleg. Dei har nemleg lagt pengar i alternativ kommunikasjon.

Andre juledag vakna store delar av fjordfylket opp til mørklagde bygder og offentlege etatar i kriseberedskap. Men ikkje alle stod utan kontakt med omverda.

Ved Coast Seafood i Måløy selde dei nemleg laks akkurat som vanleg allereie 2. juledag. Samtidig som kommuneleiinga i Vågsøy sat i kriseberedskap med berre ein satellittelefon til å sikre liv og helse, kan fiskeeksportøren takke alternative teleløysingar for at dei slapp billig frå krisesituasjonen.

– Ja, det er nok litt spesielt dette. Men for oss er det så enormt store verdiar som står på spel. Difor har vi laga system som skal få oss gjennom slike situasjonar, seier dagleg leiar Sverre Søraa.

For kostbart å stå utan kommunikasjon

Etter at orkanen «Dagmar» slo inn over Sogn og Fjordane kvelden og natta første juledag var storparten av fylket lagt i mørke. Rundt om kring sat folk i stummande mørke, utan både mobiltelefon, fasttelefon og internettilgang.

Sverre Søraa, Coast Seafood

KOSTBART: Dagleg leiar Sverre Søraa i Coast Seafood seier det hadde blitt for dyrt for dei å stå fleire dagar utan kommunikasjon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesmannen kjempa ein seig kamp for å få utstyrt kommunane med satellittelefonar, for at dei i det heile teke skulle få samband som var gode nok til å kommunisere med omverda.

Men nokre stod altså langt betre budde på den vanskelege situasjonen som plutseleg vart verkeleg.

Coast Seafood er heilt avhengige av å ha tilgang til nett og telefoni for å få seld fisken sin. Difor har dei investert deretter.

– Fisken vår kan ikkje stå over lengre tid då det er ferske varer vi har med å gjere. Så då må vi enkelt og greitt ha systema på plass, seier Søraa.

– Fleire gode løysingar oppå kvarandre

Det er gjennom det lokale dataselskapet LocalHost i Måløy at fiskeeksportøren har sikra seg IT-løysingar som gjorde at dei kunne bruke internettelefoni, samtidig som alt anna var nede.

Dagleg leiar i LocalHost, Sindre Kvalheim, seier dei ikkje opplevde eitt sekund med nedetid for sitt internettsamband. Det står i sterk kontrast til resten av Nordfjord som i same periode stort sett var utan både straum og kontakt med omverda.

– Vi har vore fullt ut operative heile tida, seier Kvalheim.

Han forklarar at det er mange gode løysingar som saman gjorde dette mogleg. I tillegg til eit dieselaggregat som gjorde dei sjølvforsynte med straum er også moderne IT-løysingar det som gjorde kommunikasjonen mogleg.

– Vi har mange internettkoplingar og fiber, og til fleire av kundane våre har vi også fiber rett til kunden, altså direkte tilgang, seier Kvalheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Hagen

VIL LÆRE: Samtidig som ein fiskeeksportør i kommunen selde fisk som vanleg, var ein satelittelefon einaste kontaktpunkt ordførar Morten Hagen og kriseleiinga hadde med omverda.

Foto: Thomas Hagen

– Vi må lære av dette

Samtidig som dataselskapet og til dømes Coast Seafood hadde både lys og samband måtte Vågsøy kommune si kriseleiing ta i bruk satellittelefonen på ein fiskebåt i kommunen.

Satellittelefonen på MS Frøyanes var i ein lengre periode det einaste kontaktpunktet kommunen hadde med til dømes Fylkesmannen og anna kriseberedskap i fylket.

Kvalheim vedgår at situasjonen er spesielt.

– Eg nemnde det for ein politimann her om dagen, at dei berre skulle ha kontakta oss, så kunne dei fått bruke vårt lokale til operasjonssenter. Men dette er ting som er så uvanleg at ein må ha lov til å lære litt etter kvart, seier Kvalheim og legg til:

– Samtidig synst eg dei var flinke i Stryn som gjekk frå hus til hus og fekk slått på jaktradioane.

– Det står på pengar

Ordførar i Vågsøy Morten Hagen har fått noko å tenkje på etter uvêret.

Heilt fram til 3. juledag var satellittelefonen på fiskebåten einaste kontakt med omverda. At private bedrifter som er villige til å betale står langt betre rusta er noko kommunen vil ha i bakhovudet når dei skal vurdere handteringa av situasjonen.

– Det er klart det er noko å tenkje på at private bedrifter har ein heilt anna moglegheit til å sikre seg enn det kommunen har. Dette går stort sett på økonomi, det er det som set grenser, seier Hagen.

Han seier kommunen no vil ha ein gjennomgang av korleis dei handterte situasjonen, og at manglande kommunikasjon er blant tinga dei vil sjå nærare på.