Hopp til innhold

Vil ha mindre skog langs linjene

Tusenvis har vore utan straum etter at kraftlinjenettet vart hardt råka av uvêret. Erfaren linjemontør meiner styresmaktene må stille strenge krav til mindre skog langs kraftlinjene.

Tre som har lagt seg over kraftlinjer

TRE PÅ TRE: Tusenvis av tre har lagt seg over kraftlinjene i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Tre på tre la seg over kraftlinjene etter at uvêret fekk herje frå seg i romjula. Det har blitt jobba på spreng for å rydde linjene, men arbeidet er både krevjande og farefullt.

Inge Geir Sårheim frå Breim har vore linjemontør i 40 år. Han meiner det må kome strengare krav til kor breie kraftlinjegatene skal vere.

– Det må ryddast breiare linjegater, spesielt i granfelta, seier Sårheim til avisa Firda.

Berre over kraftlinja ved Hyefjorden i Gloppen har SFE-montørane og skogsarbeidarane måtte rydde vekk hundrevis av store graner, skriv avisa.

Situasjonen er lik over heile Sogn og Fjordane, og andre nyttårsdag er det framleis innbyggjarar i fylket som må klare seg utan straum.

Langs dei mange kraftlinjene står det fleire hogstmogne granfelt, fortel Sårheim. Då desse vart planta på 1950 og 1960 talet var det truleg ingen som tenkte på problema dette kunne føre til i dag.

Sårheim fryktar mange av desse granfelta ikkje kjem til å bli hogde ned, skriv Firda. Mellom anna fordi mykje av skogen står utilgjengeleg til.

Den erfarne linjemontøren er no klar til å ta debatten om kor tett skogen kan stå på linjene i framtida.