Hopp til innhold

Får endeleg kontakt med omverda

I over to døgn har fleire tusen innbyggjarar i Nordfjord vore utan straum og teledekning. Tysdag kveld har situasjonen endeleg snudd.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn

VEKKE: I to døgn har det blitt jobba intenst for å få straumen tilbake til dei mange tusen som har måtte klare seg utan.

Like over klokka 21 tysdag kveld kunne ordførar Morten Hagen gjere noko han hadde lengta etter lenge. Ringe omverda frå ein vanleg telefon.

Heilt sidan stormen «Dagmar» sine herjingar for to dagar sidan har Vågsøy kommune vore utan telefonsamband. Både mobil- og fasttelefonar har vore utan dekning, og situasjonen har vore vanskeleg.

Men seint tysdag kveld er dekninga endeleg tilbake.

– Plutseleg berre poppa det opp dekning. Det var ei veldig god kjensle, seier ordførar Morten Hagen til NRK.no.

Tysdag kveld er dekninga på telefonnettet også tilbake i mesteparten av Selje, Stryn, Hornindal og Gloppen. Det same gjeld for straumen, som også har vore vekke i to dagar.

Kan leggje vekk satellittelefonen

Det har blitt jobba hardt for å få straumen og telenettet tilbake til dei fleire tusen innbyggjarane i Sogn og Fjordane som har måtte klare seg utan sidan første juledag. I løpet av tysdagen har storparten av Vågsøy kommune fått att straumen, og ved 21-tida er det berre tre bygder som manglar.

Hagen seier desse truleg vil få den att i løpet av kvelden, men kan ikkje love noko sikkert. Det han derimot kan seie for sikker er at telefonsambandet no er tilbake.

I to dagar har satellittelefonen på båten MS Frøyanes vore einaste måte for kommunen å få kontakt med omverda. Då Hagen ringer NRK like over klokka 21 er det for første gong på fleire dagar via ein fasttelefon.

– Sidan dekninga forsvann har vi kontinuerleg sjekka om den har kome tilbake. I kveld har det vore nokon oppe på ein sendar som står på rådhuset, og plutseleg var det full dekning på telefonane.

(Artikkelen held fram under biletet)

"Dagmar" sine herjingar i Indre Nordfjord

SKADER: Stormen gjorde store skader på både straum og telenettet.

Foto: NRK/Torje Bjellaas

– Det er som natt og dag

Også i Selje og i Stryn kan dei aller fleste no bruke telefonane igjen.

Selje-ordførar Ottar Nygård pustar litt ut etter to tøffe døgn utan telefonsamband.

– Det er som natt og dag dette. No kan vi endeleg kommunisere med folk, og det gjer ting så langt lettare, seier ordføraren.

Seinast tysdag måtte kommunen bruke sendebod når dei skulle kalle saman til møte i beredskapsleiinga. Møtet måtte dei flytte til Stadlandet, som fram til tysdag kveld var det einaste område i kommunen som har hatt dekning.

– No håpar eg at heile kommunen har fått tilbake dekninga, seier Nygård til NRK klokka 22.10.

– Vi er framleis i beredskap

Stryn-ordførar Sven Flo gler seg også over at store delar av kommunen no har kontakt med omverda via telefon. Han er likevel klar på at kommunen held oppe beredskapen, og seier både mobil og fasttelefonnettet førebels er noko ustabilt.

– Det er viktig for oss å framleis vere i beredskap, men det er klart at ting er blitt mykje betre når vi no har høve til å ta kontakt med folk via telefon.

Storparten av Stryn kommune har i løpet av kvelden også fått tilbake straumen, men både i Oldedalen, Lodalen og i Hjelledalen er dei framleis utan.

Tilbake også i Hornindal og Gloppen

Også i Hornindal er telenettet noko ustabilt tysdag kveld, og det er ikkje absolutt alle plassar som har fått dekninga tilbake. Ordførar Anne Britt Øen Nygård seier det har vore tøft å vere utan telefondekning, og seier ho er svært glad for at situasjonen no er i ferd med å betre seg.

– I tillegg var det svært godt når vi fekk tilbake straumen, noko som skjedde ca klokka 19 tysdag kveld, seier Øen Nygård som fortel at nokre framleis er utan straum.

Anders Ryssdal som er ordførar i Gloppen fortel at også der er dekninga på telenettet no tilbake i mesteparten av kommunen. Det er likevel nokre plassar som manglar både dekning og straum.