Hopp til innhold

Seier frå seg plassen i meisterligaen – måtte spelt heimekampar på Sotra

Førde er kvalifiserte for den største klubbturneringa i Europa, men økonomi og fasilitetar sett ein stoppar for deltakinga.

Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde

INGEN JUBEL: Mathias Loftesnes (t.v.) og Lars Fredrik Tvinde har jubla for mange sigrar i Førdehuset, men for låg takhøgd og for lite tilskodarkapasitet gjer at dei ikkje kan møte dei beste laga i Europa der.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har bestemt at vi ikkje deltek i meisterligaen, men deltar heller i Challenge Cup neste sesong, seier styreleiar i klubben, Bjørn Holvik.

Som seriemeister var Førde kvalifisert til å møta dei beste laga i Europa, men meisterligaen står i sterk kontrast til fotball. Der er meisterligaen ei pengemaskin og lag som kvalifiserer seg tener fleire titals millionar, er det eit pengesluk for eit amatørlag i volleyball som må betalar for å vera med.

Til Sotra

For det europeiske volleyballforbundet har streng krav til fasilitetane deltakarane, akkurat som i fjor.

  • Hall med 2000 sitteplassar.
  • 12 meter under taket, ni meter i første runde (I Førdehuset er det sju meter.)
  • TV-sending med fem kamera.

– Næraste arena som oppfyller alle desse krava er på Sotra og då hadde vi fått store utgifter med reise til og frå heimekampane også. I Challenge Cup kan vi få dispensasjon til å spele kampane i Førdehuset, seier Holvik.

For å køyre til Sotra Arena for å spele heimkamp er det 189 kilometer og tre timar og 22 minutt å køyra – kvar veg. I tillegg måtte dei ha kryssa Sognefjorden med ferje.

Førde-Sotra

Challenge Cup er nivået under meisterligaen, og kan samanliknas med Europaligaen i fotball.

– Det vert ei stor utgift å vera med der også, men i meir kontrollerte former enn meisterligaen. Men det er trasig for spelarane vår å ikkje få spela mot dei beste, når dei er kvalifisert for det, seier Holvik.

Trenar Jan Egil Tvinde tar avgjerda med fatning.

– Det er surt, men samstundes hadde vi møtt reine profflag i meisterligaen. Det er ein uoppnåeleg målestoff for vårt amatørlag, seier han.