– Tilbakemeldingane er utelukkande positive. Det er tomlar opp og ord som at hjartet bankar for oss og «stå på».
Carl Harbitz-Rasmussen står i bergensregnet utanfor Flesland. Saman med fem andre pilotar er han streikevakt for å svare på spørsmål frå reisande.
Etter mange kansellerte flygingar og avlyste sommarturar var han spent på reaksjonane.
– Det passar aldri at vår arbeidsgruppe har ein arbeidskonflikt, og kanskje spesielt dårleg om sommaren. Klart det er mange knuste draumar.
Carl Harbitz-Rasmussen forstår at reisande er skuffa, men seier tilbakemeldingane frå dei han har møtt som streikevakt er utelukkande positive.
Foto: Charlotte Haarvik Sanden– Handlar ikkje om økonomi
Måndag vart det klart at rundt 900 pilotar frå Noreg, Sverige og Danmark blir tatt ut i streik.
SAS-sjef Anko Van der Werff var rasande og meinte pilotane viste sjokkerande lite forståing for selskapet sin situasjon.
Mange reisande var oppgitte etter fleire år med koronarestriksjonar og avgrensingar innan reiselivet.
Det forstår Harbitz-Rasmussen godt. Han, som også er styremedlem i SAS Norge Flygerforening, meiner det er viktig å få fram at det handlar om noko større enn løn.
– Denne streiken handlar ikkje om økonomi. Det har det aldri gjort. Det handlar om å ha normale, levelege arbeidsvilkår, og ikkje minst å få våre oppsagde tilbake i jobb.
Dette står striden om i pilotstreiken
Pilotene streiker fordi de frykter tap av opparbeidede arbeidsvilkår dersom de søker jobb i SAS' nye datterselskaper. Slik har utviklingen vært de siste årene.
Kalla streiken dum
Tysdag gjekk NHH-professor Frode Steen hardt ut mot både selskapet og pilotane, og kalla streiken dum.
Han meinte begge partar ville mista omdømmet.
– Den er så feil for selskapet og pilotane. Dei mister så mykje i omdømmet og i frustrasjon rundt seg. Dei har eigentleg ikkje råd til å halde på på denne måten, sa professoren.
SAS-pilot Harbitz-Rasmussen seier han står godt i det omdømmet pilotane har, sjølv om han skulle vore streiken forutan.
– Det er ikkje heldig. Det er ikkje heldig for SAS eller oss. Men for meg personleg handlar det om anstendigheit.
SAS: – Døra er open
Pressesjef i SAS, Tonje Sund, seier til NRK at dei framleis meiner avtalane til pilotane er gode, men at diskusjonen kring dei er viktig.
Ho seier over 30.000 reisande blir råka av streiken kvar dag, og at dei gjer det dei kan for å få til ei løysing.
SAS Norge flygerforening seier dei ikkje vil ta initiativ til nye samtalar med leiinga i dag.
No håpar Sund at dei snur.
– Me vil gjerne at dei skal kome tilbake til forhandlingsbordet. Det er der vi kan finne ei løysning. Døra er open, seier ho.