Hopp til innhold

NHH-professor trur ikkje SAS-streiken blir langvarig

Pilotstreiken kan vare i alt frå få dagar til vekevis, men NHH-professor trur ikkje det vil vare lenge. Uansett bør folk førebu seg på ein kaotisk reisesommar.

SAS-serviceskranke på Gardermoen 4. juli.

STREIK: SAS-serviceskranke på Gardermoen fekk mykje å gjere denne veka.

Foto: Mathias Moene Rød

– Eg trur ikkje det blir ein lang streik. Eg trur pilotane og SAS-leiinga ønsker ein stans på dette, seier Frode Steen.

Han er professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole og følger luftfarten tett.

Pilotstreiken i SAS skjer midt i ei av dei travlaste ferievekene i året. Det fører til sinte kundar som får avlyst eller forsinka reisene sine.

– Denne streiken er så dum, for å seie det rett ut. Den er så feil for selskapet og pilotane. Dei mister så mykje i omdømme og i frustrasjon rundt seg. Dei har eigentleg ikkje råd til å halde på på denne måten, seier professoren.

– Usedvanleg dårleg signal

Også flyanalytikar Jacob Pedersen i danske Sydbank håper streiken blir kortvarig, men seier det er ekstremt vanskeleg å svare på kor lenge den kan vare.

Jacob Pedersen, analysesjef i Sydbank

ANALYTIKAR: Jacob Pedersen er flyanalytikar i danske Sydbank.

Foto: Sydbank

– I prinsippet kan det vere berre få dagar, eller det kan bli ein skikkeleg langvarig streik i fleire veker.

Dersom det blir ein streik av det lange slaget, er det eit «usedvanleg dårleg signal for situasjonen selskapet er i», ifølgje Pedersen.

Frode Steen peikar på at SAS slit økonomisk og no tapar pengar kvar dag.

– Varer streiken lenge no, finst ikkje SAS lenger. Så streiken kan ikkje vare så veldig lenge, med mindre pilotane vil gjere som dei har sagt, og streike seg inn i æva. Det er synd for dei 7000 andre som jobbar i selskapet.

– Burde barbere heile organisasjonen

Vidare viser Steen til at ordkrigen mellom partane er svært tøff, men at det ikkje er uvanleg ved konfliktar i flybransjen.

Frode Steen

PROFESSOR: Frode Steen følger luftfarten tett.

Foto: Hallvard Lyssand

– Den store utfordringa til SAS er at det er vanskeleg å få til ordningar med tilsette. Dei har vist seg villige til å konfrontere eller gå til streik, og då har ikkje selskapet fått til alt dei har ønska seg.

Professoren meiner at SAS virker å være for fokusert på arbeidsvilkåra til pilotar og kabintilsette.

– Dei ser ut til å gløyme at det finst andre kostnadspostar dei også kan spare på. SAS har vore tungt administrert, det har ikkje mangla på leiarar, seier Steen.

– Burde SAS barbere toppen litt?

– Eg trur dei burde barbere heile organisasjonen sin, seier NHH-professoren.

Langvarig streik tappar SAS-kontoen

NRK har spurd SAS kor lenge dei toler å stå i streiken.

Pressesjef i SAS, Tonje Bjerve Sund

PRESSESJEF: Tonje Sund er pressesjef i SAS.

Vi ønsker ikkje å spekulere i kor mykje selskapet toler, men denne streiken er svært krevjande. Det er opp til pilotane å avslutte konflikten, og vår dør er open, skriv Tonje Sund, pressesjef i SAS, i ein e-post.

Pilotforbunda har sagt at dei er villige til å streike til SAS går konkurs, men onsdag føremiddag søkte selskapet konkursvern i USA.

Det betyr at SAS er freda frå å bli begjært konkurs dei neste ni til tolv månadane, ifølgje flyanalytikar Pedersen.

– Men det er klart, dersom streiken varar i to månadar framover, har ikkje SAS mykje pengar att i kassa, slår han fast.

– SAS-leiinga har ryggen mot veggen. Dei må levere ei innsparing for å få pengar av den danske staten. Dei må levere på den store spareplanen sin, og har ikkje så stort manøvreringsrom å gi seg på, seier Pedersen.

Carsten Dilling

SAS-TOPP: Carsten Dilling er styreleiar i SAS.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Styreleiar i SAS, Carsten Dilling, peikar overfor NRK på at SAS hadde rundt 8 milliardar kroner i kassabehaldning då andre kvartalsrapport kom 30. juni.

– Det er ein relativt god kapitalberedskap, men streik kostar kolossalt mykje pengar. Vi har stor kassabehaldning no fordi vi har seld mange billettar, men skal vi i staden betale tilbake til kundane fordi vi ikkje flyg, vil kassa bli tømt ganske fort, seier Dilling.

Pilotane: Kan streike lenge

Pilotane vil ikkje avsløre kor store streikekassar dei har, men overfor NRK slår dei fast at dei kan halde på lenge.

– Vi kan streike så lenge som nødvendig. Er det ein streik ein nokonsinne skal stå i, så er det denne, seier Roger Klokset i Norske SAS-flygeres foreining, som er tilslutta LO.

– Vi har ingenting meir å gi, vi er på eit minimum for kva vi treng, som er trygging for jobbane våre, held Klokset fram.

På spørsmål om streiken vil vare ei veke, svarar Parat/YS-tilslutta SAS Norge Flygerforening (SNF) følgande:

– Mykje meir enn det. Vi er klare til å stå i konflikt, dersom SAS ønsker det, seier SNF-leiar Jan Levi Skogvang.

Han vil ikkje seie noko tal på dagar eller veker.

SAS-sjef seier pilotane lyg

Imens haglar ukvemsorda frå begge partane.

Når pilotane seier at SAS støtt endrar målet for kor mykje dei må spare, svarar konsernsjefen i SAS, Anko van der Werff, overfor NRK at pilotane lyg, og at selskapet har hatt same mål sidan februar.

Skogvang etterlyser at SAS-toppane sjølve bidrar på lønssida, når dei krev at tilsette skal gå ned i løn.

– Vi har ei leiing i SAS, men ingen leiarar. Dei går ikkje foran og viser veg. Dei har ikkje indikert noko om kva deira bidrag er. Dei forlangar 30 prosent på våre vilkår utan å seie noko om kva dei sjølve vil bidra med, seier han.

Fire pilotforeninger samlet (f.v.): Jan Levi Skogvang, Aleksander Wasland, Henrik Thyregod og Roger Klokset.

Fire pilotforeiningar samla (f.v.): Jan Levi Skogvang, Aleksander Wasland, Henrik Thyregod og Roger Klokset.

Foto: ksenia novikova

AKTUELT NÅ