Hopp til innhold

Saltar berre delar av E39

Statens vegvesen krev salting berre enkelte stader langs fylkes mest traffikerte veg. Det er direkte trafikkfarleg, meiner NAF.

Saltebil

SALTAR DELAR AV E39: Det blir berre salta på delar av E39.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Det må saltast på heile E39 gjennom fylket. Det kan ikkje vere slik når det skjer ulykker gang på gang, seier leiar Atle Lerpold i NAF i Fjordane og Ytre Sogn.

I dag blir det berre salta på utvalde delar av E39, noko som gjer at det er svært glatt på enkelte strekningar. I helga skjedde det ei rekkje trafikkulykker langs Jølstravatnet, på delar der det ikkje var salta.

– Heilt uforståeleg

– Det er heilt utruleg at det til dømes ikkje blir salta langs Jølstravatnet. Her må dei gjere noko, for det skjer altfor mange ulykker der. Det kan ikkje vere så glatt og farleg som det er i no, seier Lerpold til NRK.no.

Statens vegvesen har delt inn E39 i Sogn og Fjordane i ulike soner etter korleis vegen skal saltast og strøast. Dette er strekningane som skal saltast:

  • Lavik-Vadheim
  • Langeland-Moskog
  • Frå Kleivedammen på Sandane til Anda og frå Lote, via Nordfjordeid til Hjelle

Dei resterande strekka E39 blir ikkje salta. Sværet glatt og ruglete vegbane førte til tre ulykker på eit og eit halvt døgn langs E39 i Jølster i helga.

– Det er heilt uforståeleg at strekninga ikkje blir salta, seier Lerpold.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Glatt på E 39

NETT-TV: Vegvesenet har fått mange klager frå bilistar langs E39. No vedgår dei at brøytinga er for dårleg.

Avviser kritikken

Prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen avviser krtitikken.

– Vi har valgt ut kva strekningar som skal saltast utifrå faglege vurderingar. Det må vere ei viss trafikkmengde og temperaturen må i gjennomsnitt vere på eit visst nivå på stadane der det skal saltast, seier Karlsen til NRK.no.

– Men de saltar mellom Førde og Moskog, men ikkje langs Jølstravatnet til Skei. Kvifor ikkje?

– Vi har vurdert det slik at temperaturen på strekninga frå Moskog-Skei-Byrkjelo er for låg, seier Lerpold.