Hopp til innhold

Bil snurra rundt på E39

Ein bil har snurra rundt på E39 ved Ålhus i Jølster.

Bil snura rundt på E39 ved Ålhus

SNURRA RUNDT: Bilen hamna i grøfta ved Ålhus.

Foto: Anna Gytri / NRK

Det var to vaksne og to born i bilen, men ingen av dei vart skadde. Men bilen fekk skader og bergingsbil er på veg.

Politiet fekk melding om uhellet litt før klokka 13 måndag ettermiddag.

I helga var det tre trafikkulukker på E39 mellom Moskog og Skei.

Laurdag vart ei kvinne lettare skadd då bilen hennar hamna i Jølstravatnet like vest for Ålhus. Medan alle involverte kom uskadd frå det etter at to bilar hamna på sida søndag, den eine ved Eikås, den andre ved Svidal.

Vegvesenet har fått kritikk for dårleg vegvedlikehald på strekninga den siste veka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.