Hopp til innhold

To personar til sjukehus

Personbil hamna på taket på E39 i Jølster.

Bilulukke Jølster

PERSONBIL PÅ SIDA: Bilen har synlege skader etter at den hamna på sida i ein sving på E39.

Foto: Simon Solheim / NRK

Bjarte Åsen

Politiførstebetjent og skadestadsleiar Bjarte Åsen

Foto: Simon Solheim / NRK

– Ein personbil med to personar i har vore invovlert i ei trafikkulukke, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen.

Politi, brannvesen og ambulanse var på staden.

Kom seg ut av bilen

Ulukka har skjedd på E39 ved Eikås, eit stykke forbi Vassenden i retning Førde.

– Begge personane har kome seg ut av bilen, seier Rimmen til NRK.

Han kan førebels ikkje seie noko meir om skadeomfanget. Dei to personane er sendt med ambulanse til sjukehuset i Førde.

Kvelva over på hjula

– Bilen hamna på sida i ein sving, men brannvesenet og forbipasserande fekk kvelva den på hjula igjen før kom til staden, seier politiførstebetjent og skadestadsleiar Bjarte Åsen til NRK.no.

Bilen er ikkje lenger til hinder for trafikken. Bergingsbil har vore på staden og rydda opp.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.