Hopp til innhold

Ver obs på svært glatte vegar

Skal du ut på vegen i kveld må du køyre forsiktig. Vegtrafikksentralen har fått inn mange meldingar om glatte vegar.

Glatte veier

KØYR FORSIKTIG: Det regnar og vatnet frys når det treffer bakken. Dermed blir det svært glatt.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

– Det er ekstremt glatt på vegane no, seier vaktoperatør Arne Stadheim.

Ein yrkessjåfør seier til NRK at E39 i Våtedalen var veldig glatt då han køyrde der for litt sidan. Det regnar mange stader og vatnet frys når det kjem på bakken.

– Dette skapar trøbbel for dei som er ute og køyrer og det er mange som har ringt oss i kveld. Enkelte stader blir vegen glasert i løpet av få minutt.

Stadheim har fått flest meldingar frå ytre strok i fylket. No oppmodar han bilistane om å køyre forsiktig.

– Vi har ikkje fått melding om uhell så langt, men ver varsame.

Han fortel at mykje mannskap er ute for å salte og strø på vegane.

– Men på grunn av regnet forsvinn ein del, så det er ikkje lenge effekten varer. I følgje prognosen skal det vere ein del nedbør fram til klokka to i natt, deretter vert det kjøligare.

Slik blir veret i fylket dei neste dagane:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.