Hopp til innhold

Sal av hurtiglading tar av – no tar fleire bensinstasjonar grep

Dei siste tre åra har omsetnad av hurtiglading tredobla seg. No arbeider fleire bensinstasjonar med overgangen til å bli energistasjonar.

Den første energistasjonen med priskilt på EL, bensin og diesel

STRAUMPRIS: Har blitt eit meir vanleg syn langs vegane i Noreg.

Foto: Lise Åserud / NTB

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er ingen tvil om at omsetnaden har auka etter at vi byrja med hurtigladarar, seier Ola Fugle dagleg leiar ved Skei Servicesenter.

Det som tidlegare var ein vanleg bensinstasjon på Jølster i Vestland, har no blitt ein energistasjon med 22 ladepunkt for elbil.

Lading tek gjerne tid, og det har dei gamle bensinstasjonane klart å utnytte som eit kjent stoppepunkt langs vegen.

– 80 prosent av dei som ladar her kjem også innom og handlar hos oss, seier Fugle.

Sal av hurtiglading har eksplodert

I dag er det 675.000 elbilar i landet, viser tal frå Norsk elbilforening.

I september var 80 prosent av alle selde nybilar elektrisk, og allereie frå 2035 vil EU forby sal av bensin- og dieselbilar.

Dette har ført til at bensinstasjonar må tenke nytt.

Dei har tatt overgangen til å bli energistasjon, slik som Fugle, har merka at salet av straum har tatt av.

Sidan 2019 har omsetnaden av sal av hurtiglading tredobla seg, syner tal frå Drivkraft Noreg.

Klarar ikkje å ta overgangen

Sjølv om det å bli framtidsretta kan freiste, er det ikkje alle tradisjonelle bensinstasjonar som er like godt rusta til å ta overgangen.

– Vi ligg midt i sentrum av Førde og vi manglar plass til å etablere ladepunkt, seier Bjørnar Skildheim, dagleg leiar ved Best bensinstasjon.

Drivkraft Noreg ser fleire av dei sentrumsnære bensinstasjonane slit.

– Det tar lengre tid å lade ein bil og då må ein ha plass til fleire bilar samtidig. Det er ei utvikling som er krevjande for mange, seier fagsjef Einar Gotaas.

Les også Strømnettet er fullt: Stopp for større ladestasjoner

Ladestasjoner på fokserød

Elbilskepsisen på veg til å døy ut

Ei fersk undersøking frå NAF viser at heile 44 prosent av nordmenn har elbil som førsteval.

– No er det nesten like mange som vil kjøpe brukt elbil, som dei oppgjev at dei skal kjøpe brukt bensin- og dieselbil, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

Ein av dei som har tatt steget til å bli elbilist er Tord Tøsse. Han pendlar mellom Sunnmøre og Stavanger, og er glad for det nye tilbodet på Skei.

Trond Tøsse meiner det er topp med energistasjonar.

Tord Tøsse er nøgd med både elbil og tilbodet på dei moderne stasjonane.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Her fylte eg diesel tidlegare og då er det er det heilt naturleg å lade bilen her også. Det er ein kjærkommen moglegheit til strekke på beina og ta seg ein matbit, seier Tøsse.

Fugle skal snart sette opp fire nye ladepunkt på sin stasjon og kan då sjå totalt 26 elbilar lade samtidig.

– Det har vore ein suksess, det er liten tvil om det.

Ola Fugle og son har gjort suksess på Skei med overgangen til energistasjon.

Ola Fugle (til høgre) og son Espen Gåsemyr Fugle har gjort suksess etter overgangen til å bli energistasjon.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK