Det har vore eit nervepirrande døgn for eigar og hundeførar Øyvind Førde.
– Eg fekk frysningar nedover ryggen. Då eg fekk beskjed om at redningsmannskapet såg ein hund som halta, gjekk det opp for meg at han var i live, seier Førde.
Politihunden Odin forsvann like før klokka 13 måndag på veg til Hatlesetnipa i Eikefjorden mellom Førde og Florø.
Nær eit døgn seinare vart hunden funnen.
GLEDELEG GJENSYN: Eigar og hundeførar Øyvind Førde saman med Odin etter at hunden blei funnen tysdag ettermiddag.
Foto: Politiet– Han var skadd, ikkje gangbar, så vi har fått trekt han ut med helikopter, fortel Daniel Stenvig i politiet til NRK.
Han fortel at det også var helikopteret som fann han.
– Vi må rette ein stor takk til dei for at dei tok seg tid til å bli med på leitinga. No får vi håpe at vi får Odin opp på beina igjen.
– Det er litt ekkelt
Etter ein omfattande redningsaksjon vart Odin flogen til veterinæren i Florø.
Svara frå røntgenbilda var ikkje det Øyvind Førde hadde håpa på.
– Det er mogleg brot i høgre olboge. Det er litt vanskeleg å sjå, så vi må til ortoped i Bergen, fortel eigaren.
Eit brot kan gjere at narkohunden er ute av spel i tre månader. Usikkerheita tærer på.
– Det er alltid litt ekkelt. Ein må tenke litt på dyrevelferda og kva sjansar det er for at han kan leve vidare utan smerter.
I mellomtida går Odin på smertestillande og det er framleis vanskeleg å seie kor omfattande skadane er.
Forsvann tidleg
Det var under ein privat tur politihunden Odin forsvann måndag.
– Me hadde gått 20 minutt. Odin er snart 10 år gamal, og han har ein ryggsjukdom som gjer at han ikkje spring så mykje i terrenget. Han går mykje bak meg på tur. Det hadde gått 3–4 minutt utan at eg såg han. Då gjekk eg tilbake, men han var vekke, seier hundeførar Øyvind Førde.
BRATT: Hatlesetnipa sett frå riksveg 5. Det er bratt og ulendt terreng.
Foto: Oddleif Løset / NRKLeita til midnatt
Førde, tre andre frå politiet og ein politihund leita etter Odin fram til midnatt i går, utan resultat. Førde sov også i telt ved parkeringsplassen, i tilfelle hunden skulle koma ned att.
– Eg veit ikkje kva som kan ha skjedd. Han har ikkje noko særleg vilt-interesse. Men han er jo eit dyr, så kan ha sprunge etter noko, sklidd og blitt liggande ein stad. Men det blir berre spekulasjonar, sa Førde.
Det var i alt 17 personar frå politiet med på leiteaksjonen. Nokre var der på jobb, andre brukar fritida si på å leita.
– Han er ein viktig ressurs for oss, seier Førde.
Hundar og helikopter leitar også
Fleire hundar frå Norske Redningshundar var på veg, på eige initiativ. Oda Elvegård Thorstad jobbar i politiet, og har ein hund under utdanning til å bli redningshund.
Ho var sjølv med på søket etter Odin.
– Det er relativt bratt terreng, som er eit utfordring i seg sjølv. I tillegg er det første gong me leitar etter ein hund, seier Thorstad.
Eit redningshelikopter gjer også eit søk etter hunden. Helikopteret i Florø hadde ein planlagt treningstur i same område i dag, og brukte den til å hjelpa til i søket.
– Helikopteret har varmekamera om bord, og dei tek eit sveip over området for å sjå om dei ser noko, sa Edvard Middelthon, redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.
NM-vinnar
Odin var ferdig utdanna i 2018. Same året gjekk han til
.Hunden var ikkje i band då han forsvann.
– Kvifor var ikkje hunden i band?
– Det er bandtvang. Politiet har eit unntak i samband med trening. Her har han gått bak meg på tur, og så har han forsvunne. Men denne turen var ikkje lagt opp som hundetrening, seier Førde.
– Kjem du til å ha hunden i band neste gang du er Hatlesetnipa?
– Ja, det kjem eg til å ha, seier hundeføraren med eit smil.
NARKOHUND: Her markerer Odin eit narkotikafunn under rockefestivalen Malakoff på Nordfjordeid i sommar.
Foto: Øyvind Førde