Hopp til innhold

Odin er beste narkotikahunden i landet

I juli i år var narkotikahunden Odin ferdigutdanna som tenestehund i politiet, onsdag gjekk han til topps i NM for politiets narkotikahundar.

Narkotikahunden Odin markerar narkotikafunn

PÅ JAKT ETTER NARKOTIKA: Her er Odin på jobb på Malakoff rockefestival i Eid, ein av landets største musikkfestivalar.

Foto: Øyvind Førde

– Det var veldig kjekt å kome på pallen, seier hundeførar Øyvind Førde.

Nyutdanna i Odin er ein av to narkotikahundar i Sogn og Fjordane . På eit av sine aller første oppdrag var han i sommar på Malakoff rockefestival i Eid, ein av landets største musikkfestivalar. Der snusa han seg fram til festivaldeltakar med narkotika i bagasjen. Denne veka gjekk Odin altså til topps i konkurranse med narkotikahundar frå heile landet

– Eg visste at eg har ein bra hund, men eg må seie at det var overraskande at vi skulle nå heilt til topps, seier ein stolt hundeeigar.

Under NM måtte dei to gjennom fleire ulike øvingar, blant anna bagasjesøk, søk i eit lagerlokale og søk i køyretøy.

– Det var ikkje alt som gjekk like bra, men jamt over så presterte han veldig bra, seier Førde.

Førde hadde testa fleire hundar som ikkje eigna seg som narkotikahundar før Odin kom gjennom nålauge og dei to starta treninga i 2012. Etter NM-tittelen denne veka er neste mål alt klart.

– No er vi kvalifiserte til nordisk i 2019, og det gleder vi oss veldig til, seier Førde.